Sist laurdag skreiv Nationen på leiarplass om dei radikale i byane og deira forhold til distrikt og matproduksjon. Bakgrunnen er at Berit Hundåla meldte seg ut av SV på grunn av usemje om rovdyrpolitikken. At det er usemje om rovdyrpolitikken og det rovdyrforliket som alle på Stortinget er med på, må vi nok leve med. Men leiarskribenten går vidare og snakkar generelt om urban arroganse blant radikale i byane med adresse til SV.
Eg er oppvaksen på ein liten gar på Vestlandet der ljå var den viktigaste reiskapen, og der fiske heldt liv i barneflokken. Eg kjenner meg derfor lite råka av karakteristikken urban arroganse. Det er vel denne bakgrunnen som gjorde det naturleg for meg å kjempe ein seig kamp for dei små bruka og for reell sjølvberging i arbeidet med landbruksmeldinga.
SV har kjempa for at vi skal ha eit landbruk som brukar nasjonale ressursar så langt som mogeleg. Vi er opptatt av reell sjølvberging der ein korrigerer matproduksjonen for import av for. Det har vi berre delvis fått gjennomslag for i regjeringa. Men landbruksmeldinga har trass alt fokus på nasjonale ressursar som grovfor og beite, og på landbruk i heile landet.
Vi har også vore opptatt av at vi må ta vare på dei små og mellomstore bruka. Dersom vi meiner alvor med å auke matproduksjonen, kan vi ikkje la god matjord gå ut av produksjon. Med den topografien vi har her i landet, er det ikkje alle stader det er mogeleg å skape store einingar utan atdet blir lange avstandar og stort energiforbruk. Derfor må vi også ta vare på dei bøndene som treng ein deltidsjobb ved sidan av bruket. Utan dei kan bygder bli avfolka.
Leiarskribenten insinuerer at SV-folk av gammal vane ironiserer over landbruket. Det har eg med mi lange fartstid i partiet til gode å oppleve. Derimot er vi opptatt av maktanalyse. Vi er derfor det partiet som klarast har gått ut i mot matkjedemakta og deira freistnad på å øydelegge landbrukssamvirke gjennom integrasjon bakover i matkjeda.SV har også tatt til orde mot privat omsetning av mjølkekvotar utan å få landbruksministeren med på det.
Eg trur Nationen skal leite lenge for å finne eit anna parti som står hardare på for dei verdiane som blir etterlyst i denneleiarartikkelen. Og faktisk så er det dei unge radikale, gjerne frå urbane strøk, som gir sin klaraste støtte til desse verdiane. Eg er redd at dei fordommane som blir lagt for dagen i denne leiarartikkelen, kan vere til skade for den breie alliansen som norsk landbruk er heilt avhengig av.
Dette innlegget står på trykk i Nationen i dag
Alf