Etter finanskrisa er det mange som har stilt spørsmål ved tesen om at egoisme er den beste drivkrafta for økonomi og samfunnsutvikling. No prøver høgresida å slå tilbake med skyggeboksing mot «godhetstyrani» og «godhetsregime», underforstått at det står i motsetning til rasjonalitet og langsiktig tenking. Skal vi slå tilbake denne retorikken med røter i den høgrepopulistiske tea-party-bevegelsen i USA, må vi blankpusse venstresida sine tradisjonelle verdiar, solidaritet og rettferd.
Det er venstresida som har kjempa fram eit samfunn der folk ikkje er avhengig av milde gåver. Solidarisk kamp har skapt velferdsordningar som gjer at vi ikkje treng å stå med hatten i handa når uhellet er ute. Rettferdig fordeling er ikkje berre eit moralsk imperativ, det er ein langsiktig og effektiv strategi for å bygge eit berekraftig samfunn. Høgrepopulistane sin guru, forfattaren og filosofen Ayn Rand, var på si side motstandar av alle former for offentlege trygdeordningar og reguleringar. Svaret på kynismen til høgrepopulistar og andre som ha kasta seg på kampen mot «godhetstyraniet», er solidaritet, eit verdisett som foreinar rasjonalitet og trua på at vi med felles innsats kan skape ei betre verd.
For marknadsliberalistane på høgresida er individualisme og egoisme den sentrale drivkrafta i økonomien. Solidaritet er å hjelpe andre for å hjelpe seg sjølv og fellesskapet. Solidariske samfunn med gode velferdsordningar er ikkje irrasjonelle «godhetsregime». Solidaritet som ide og politisk handling har skapt gode effektive samfunn som no ser ut til å vere ein torn i auget på høgrepopulistane. Solidaritet og rettferdig fordeling er eit moralsk imperativ, ikkje moralisme.
Vi må og skal ikkje la høgrepopulistane trakke på vårt engasjement for medmenneskeleg omsorg. Men dersom vi skal utfordre det liberalistiske prosjekt deira, må vi blankpusse vårt solidariske verdigrunnlag.
Alf