I desse dagar dalar oppskrifta på ei lysande framtid ned i postkassane til alle i K5 eller Nyekristiansand. Kjært barn har mange namn. Det er ikkje måte på kva velstand som skal vederfarast oss dersom vi vel den breie veg og lyttar til den unisone lovsongen frå ordførarkvintetten. Problem og vanskelege val er det fullstendig unødvendig for oss andre å bry seg med. Alt er ordna.
Redaksjonen (kven det no er) i den heilt nøytrale skattefinansierte informasjonsavisa legg ikkje skjul på kva vi har i vente. Vi må berre unngå å la oss freiste til å gå inn i unødvendige diskusjonar. Klarer vi det, vil miljøproblema bli løyst ein gang for alltid, og vi vil rekke toget. Eldreomsorg og andre tenestetilboda vil skinne, og skolane vil bli meir samla og meir desentraliserte enn nokon gang.
Vi skal få eit fantastisk sentralt distribuert demokrati som er heilt nytt og bygger på dei gamle kommunane. Den nye kommunen skal vere samarbeidsvillig og gå ut av alle interkommunale samarbeid. Ingen skal misse jobben i Nyekristiansand, og kommersielle firma (hysj, hysj) skal blomstre ved å overta kommunale oppgåver.
Men det beste av alt er at vi har så dårleg tid at vi slepp å bekymre oss. Problema og debatten kan vi vente med til vi har gjort eit irreversibelt vedtak. Kanskje på tide å døype om prosjektet til Lysande farmtid.
Alf