Forbod må til for å redde hava

byfjordMiljøkampen har ei suksesshistorie som har gått i gløymeboka for dei fleste. På åttitalet registrerte vi at ozonlaget kring jorda blei redusert med påfølgjande auke i skadeleg stråling frå sola. Gode råd var dyre, og løysinga blei å satse på forbod. Det viste seg å vere svært vellukka, og ein kan undre seg over kvifor forbod og reguleringar ikkje blir brukt meir i miljøkampen.

I 1985 fekk vi den internasjonale konvensjonen om reduksjon av ozonreduserande stoff. Montrealprotokollen, som er ein del av ozonkonvensjonen, har forpliktande utfasingsregime av ozonreduserande stoffer for alle verdens land. Utfasinga blir regulert gjennom forbod mot produksjon, import og eksport. No er 98 prosent av alle stoffa som er omfatta av protokollen, fasa ut.

Plastforsøpling av hava våre som er vår tids store miljøproblem, har likskapstrekk med ozonproblemet på åttitalet. Vi bør derfor ta med oss desse erfaringane når vi skal redde verdshava. Det er ikkje alltid at avgifter er den beste løysinga i miljøkampen. Plastposeavgift er sikkert bra for statskassa. Men det er liten grunn til å tvile på at eit forbod vil bringe oss raskare til målet. I dette tilfellet bør det ikkje vere noko problem å finne fram til alternativ.

Det er også på tide å vurdere forbod mot bruk av plast som emballasje der den ikkje har som funksjon å bevare kvaliteten på ei vare. Kvifor skal eit par spiker pakkast inn i store mengder plast? I tillegg til potensiell forureining fører det til unødig transport og unødig belastning på avfallssystemet vårt. Eg ser ikkje bort i frå at dette vil møte protestar frå kjedemakta som prøver å rasjonalisere omsetjinga av forbruksvarer. Men dei skryt jo av innovasjonsevne og bør klare å takle dette om dei får varsel om klare reguleringar.

Med det vi veit no, bør tida vere moden for å varsle forbod mot bruk av gummikuler på kunstgrasbaner. Mepex Consult AS har estimert at 1500 tonn mikroplast forsvinn ut i naturen frå kunstgrasbaner. Dette kan vi ikkje halde fram med dersom vi ønskjer å gjere noko med den havforureininga som alle snakkar om i desse dagar. Ikkje minst idretten som satsar på barn og unge, bør vere interessert i å vise at dei er i stand til å ta ansvar for miljøet.

På totusentalet har det gradvis blitt meir fokus på avgifter og økonomiske verkemiddel i miljøkampen. Det passar betre inn i sosialøkonomane sine modellar og nyliberalistane sin ideologi. Men vi må ikkje gløyme at mange miljøproblem har blitt løyst med forbod og reguleringar. Det gjeld ikkje bere ozonproblemet, men også problemet med utslepp av miljøskadelege stoff frå prosessindustrien. Vi bør ta med desse erfaringane inn i kampen mot plastforureining og ikkje vere redde for å ta i bruk forbod og reguleringar.

Alf

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s