Frå nyttår endrar energiselskapa nettleiga. Omlegginga som dei fleste slit med å få oversikt over, har gått under radaren og skapt lite debatt i ein situasjon med ekstreme kraftprisar. Nettleiga skal no bestemmast av maksimal effekt i tillegg til energiforbruk. Den TIMEN i månaden du brukar mest straum, bestemmer storleiken på effektleddet i nettleiga for HEILE MÅNADEN.
Dersom du har middagsselskap og brukar meir straum enn vanleg ein time, så må du ikkje berre betale for det ekstra energiforbruket. Du kan også få eit påslag i nettleiga den månaden på eit par hundre kroner eller meir, avhengig av kor mykje ekstra straum du brukar den timen. Julemiddagen kan bli dyr om du passerer eit par trinn på denne effektstigen.
Det er lett å forstå intensjonen med den nye tariffen. Det er i stor grad maksimal effekt som bestemmer behovet for utbygging av nettet. Derfor ønskjer nettselskapa å motivere folk til å unngå toppar i forbruket. Men slike insentivordningar har også ein fordelingseffekt som vi må ta på alvor. Straumkundar som har god råd og er interessert i teknologi, kan investere i utstyr som hjelper til med å tilpasse forbruket til tariffane. Dei som slit med økonomien og har nok med å klare rekningane frå dag til dag, må ta kostnadene.
I vårt marknadsbaserte tenkesett skal det meste ordnast med prismekanismar som ofte har negativ fordelingseffekt. Dei fleste aktørar, også dei som er i offentleg eigde, fråskriv seg ansvaret for fordelingseffekten av dei vala dei gjer. Isolert sett kan ei insentivordning har moderat negativ fordelingseffekt, men summen kan bli tyngande for mange. Det er grenser for kor mykje som kan kompenserast med progressiv skatt og velferdstiltak. Resultatet kan bli aukande forskjellar og sosial uro. Kanskje det er på tide å søkje å unngå dei negative fordelingseffektane i staden for å prøve kompensere for dei.
Eg er heller ikkje sikker på at den totale kapasiteten i nettet blir vesentleg betre av at folk skrur av varmeomnane når dei skal koke middag. Det som skaper utfordring for nettet, er vel primært lading av elbil. Det burde ein sjå på meir eksplisitt og ikkje lage generelle ordningar med utilsikta konsekvensar.
Alf Holmelid
Innlegget stod på trykk i papirutgåva av Dagsavisen 17. desember