Nei-argumenta står seg

Høgre har vedtatt at Noreg treng ein ny EU-debatt, og politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus, kastar seg på med ei utfordring retta spesielt til SV. Det er mange gode grunnar til å diskutere internasjonal politikk og vårt forhold til EU. Verda er i endring, og vi står overfor nye utfordringar. Men mange av dei velkjente argumenta som førte til at folket sa nei til EU to gonger, står seg framleis.

Eit grunnleggande argument mot medlemskap i EU er avstanden mellom dei som styrer, og dei som blir styrt. Det betyr noko for demokratiet og tilliten til dei folkevalde at du kan gå på Markens og treffe dei som sit med den øvste makta. Denne nærleiken er kanskje ein av grunnane til at vi har moderate forskjellar her i landet, trass i at høgrepolitikken har brakt oss i gal retning dei siste åra. Dersom vi får felles valuta med EU, vil det dessutan bli vanskelegare å føre ein sjølvstendigfordelingspolitikk i krevjande tider.

Forvaltning av naturressursane har også vore eit sentralt argumenta mot EU-medlemskap, og det står seg framleis. Dei som har naturen innpå livet, er dei beste til å sjå korleis vi kan sikre ressursgrunnlaget for framtidige generasjonar.   Det gjeld ikkje minst i fiskeripolitikken. Noreg har lagt vekt på at dei marine ressursane skal komme kystbefolkninga til gode, og vi har stort sett forvalta fiskeressursane på ein god måte. EU som styrer fiskeripolitikken frå Brussel, slitt derimot med å ta vare på sine ressursar. 

I desse dagar er det jordbruksforhandlingar der eit av måla er å sikre matproduksjonen i heile landet. Den ustabile situasjonen som vi er inne i, viser oss kor viktig det er med lokal matproduksjon. Vi må ta vare på busetnaden og utnytte matjorda i heile vårt langstrekte land. Utan eit sterkt tollvern vil det vere heilt umogeleg å nå måla for landbrukspolitikken som i sin turer viktig for miljøpolitikken.

Udjus er spesielt opptatt av at EU ligg langt framme når det gjeld klima. Det er riktig at EU har satsa kraftig på fornybar energi, og det europeiske kvotesystemet ser endeleg ut til å få effekt. Men det er ingen ting som hindrar Noreg frå å satse minst like sterkt på klima. Udjus ser positivt på at EU kan straffe Noreg dersom vi ikkje oppfyller dei felles klimamåla. Men på den andre sida er det slik at Noreg gjennom EU kan kjøpe seg fri frå ein del av krava gjennom kvotesystemet og fleksible mekanismar. Derfor har regjeringa i Hurdalsplattforma stramma inn klimapolitikken ved å fastsette nasjonale mål for utsleppskutt.

Noreg utvekslar straum med EU-land, og i desse dagar opplever vi ekstreme kraftprisar her i landet. Kraftutveksling kan vere positivt. Men både for miljø, industri og folk flest er det nødvendig å unngå slike ville prisar som vi ser no. Vi treng politisk kontroll med kraftprisane blant anna for å hindre at verdast mest miljøvennlege metallproduksjon må flagge ut og ta i bruk fossil energi. Men slike inngrep i marknaden kan komme i konflikt med EØS og den marknadstenkinga EU bygger på.

I debatten om EU og EØS kjem vi ikkje utanom sosial dumping. Marknadsliberalisme, privatisering og fri flyt av tenester fører til press på løner og arbeidsvilkår og aukar dei sosiale forskjellane. Ved fleire høve har EU-domstolen dømt i mot dei fagorganiserte sine interesser og mot tiltak som kan redusere sosial dumping. For ei tid sidan reiste ESA (Efta sitt kontrollorgan) sak med påstand om at dei seriøsitetsvilkåra som Kristiansand og andre norske kommunar har innført, er i strid med EØS.

Til sist tar Udjus opp det internasjonale perspektivet og meiner at dei som er internasjonalt orientert, bør  vere for medlemskap i EU. Det er rett at EU har blitt større og no omfattar land med ulik velstand, Men dei fleste land i verda er ikkje med i EU. Er det eintydig positivt at verda blir inndelt i økonomiske blokker som driv økonomisk krig mot kvarandre? 

Udjus er opptatt av at vi må distansere oss i frå USA, eit land som kan fostre ein leiar som Trump. Det er eg heilt samd i. Men Udjus stiller ikkje spørsmål ved kva som kan vere bakgrunnen for at land i EU kan fostre leiarar som Orban, Salvini og Le Pen.

Vi treng å diskutere EU og internasjonal politikk i desse turbulente tider. Men debatten bør ligge på eit anna nivå enn å snakke om kven som har vond smak i munnen, og kven som sit fremst i klasserommet.

Alf Holmelid

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s