Har teknologigigantane i USA blitt grådige og sløve?

Donald Trump lanserte nylig AI-prosjektet Statgate med ei finansiering på 500 milliardar dollar, og teknologigigantane i USA flyg høgt på børsen. AI har blitt den store globale snakkisen. Teknologien skal redde verda, eller føre til dommedag, avhengig av kven du lyttar til. Vi har også fått høyre at AI brukar enorme mengder energi og kjølevatn, og at det berre er USA som har den elektronikken som trengs for å lære opp systema.

Men så får vi brått tilgang til eit kinesisk AI-system som ser ut til å ha mange fordelar samanlikna med det vi har sett frå teknologigigantane i USA. DeepSeek som systemet heiter, brukar metodar som krev langt mindre datakapasitet. Dermed er behover for energi og avansert elektronikk redusert. Funksjonaliteten skal vere minst like bra som det dei amerikanske systema kan levere.

Eit anna særtrekk ved det kinesiske systemet er at det er basert på open kildekode. Det inneber ar andre kan bygge vidare på systemet. Samtidig blir det lettare å ettergå algoritmene og etterprøve konklusjonane i DeepSeek.

Dersom vi skal tru media, så har kinesarane utvikla dette systemet på få år og med langt mindre kapital enn det som er brukt av teknologigigantane i USA. Dette fører naturleg nok til at børsen tar til å tvile på dei teknologiselskapa som er knytt til utvikling av AI i USA.

Uansett kva ein meiner om Kina, og det er mamge grunnar til å vere skeptisk, så er reaksjonane på DeepSeek interessante. Har tekgigantane i USA blitt meir opptatt av børsverdien enn av å forske og innovere på andre måtar enn på børsen? Har AI blitt hausa opp til ei boble lik den IT-bobla vi hadde kring årtusenskiftet? Har den teknologiske boikotten av Kina pressa fram innovasjon som griske teknologigigantane ikkje har sett?

Kan det bli positivt for den vidare utviklinga av AI at det no er vist at det er fullt mogeleg å utvikle AI-system utanfor USA, og utan Trump-støtte.

Alf Holmelid

Kommenter innlegget