Tag Archives: batteriproduksjon

Vi treng ein debatt om grøn industripolitikk

Grøn industripolitikk er ein viktig del av det grøne skiftet. Men det er ikkje gitt at det er god næringspolitikk å satse breitt på industriutvikling i alle sektorar som står sentralt i omstillinga til eit klimavenleg samfunn. Ikkje all grøn omstilling er eit like godt utgangspunkt for grøn næringsutvikling i ein internasjonal marknad. Dei problema som grøn industri har møtt i det siste, bør utløyse ein debatt om kva som er god næringspolitikk for omstilling til eit miljøvennleg samfunn.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Spørsmålet er korleis vi skal posisjonere oss i ein situasjon der store tunge aktørar som USA og Kina satsar tungt for å bli dominerande i dei nye grøne marknadene. Volumproduksjon av produkt som mange tunge aktørar satsar på samtidig, er ikkje alltid det beste utgangspunktet. Det gjeld å finne dei områda der vi kan bygge på vår kompetanse og våre fortrinn i tillegg til å bidra til grøn omstilling nasjonalt og internasjonalt.

Ambisjonane om å etablere store batterifabrikkar her i landet har så langt møtt ein bratt motbakke med teknologiutfordringar og hard konkurranse frå land med omfattande statleg industristøtte. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon med importert teknologi. Det er også nisjeproduksjon, for eksempel Kristiansand-firmaet Pixii som leverer teknologi for overføring av straum frå nett til batteri og tilbake. 

Det grøne skiftet handlar om å erstatte fossil energi med miljøvennleg energi. Samtidig handlar det, ikkje minst i Noreg, om å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv for det postfossile samfunnet. Men ikkje all produksjon som er viktig for det miljøvennlege samfunnet, ligg til rette for vellukka næringsutvikling her i landet. Dei økonomiske lovene gjeld også for næringspolitikk for det grøne skiftet. 

Produksjon og lagring av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men grøn industripolitikk må handle om meir. All industri må omstillast til nullutslepp og bidra til verdiskaping i eit utsleppsfritt samfunnet. Bransjar som prosessindustri, skipsbygging, IKT, turisme og bygg og anlegg har også sin plass i ein grøn næringspolitikk som skal sikre arbeidsplassar og verdiskaping.

Å bidra til det grøne skiftet er ikkje nokon garanti for kommersiell suksess.  Med dagens økonomiske system er det mange andre ting som må falle på plass for å sikre langsiktig konkurransekraft og verdiskaping. No står vi i tillegg overfor store utfordringar som er skapt av ein turbulent geopolitisk situasjon med fare for handelskrig.

Grøn næringsutvikling er i startfasen, og siste ord om batterisatsinga er ikkje sagt. Vi treng  ein debatt om korleis vi skal legge til rette for industri som både er grønog konkurransedyktig. Å bidra til det grøne skiftet er ein nødvendig, men ikkje ein tilstrekkeleg føresetnad for å utvikle ny levedyktig industri. Det grøne skiftet treng ein aktiv næringspolitikk med risikoavlastning i startfasen. Men også grøn industrien må etter kvart vere konkurransedyktig og bidra til fellesskapet.

Alf Holmelid