Tag Archives: Cicero

CICERO snakkar ned dei små skritta i klimakampen

Glen Peters som er forskingsdirektør ved CICERO, går til angrep på diskusjonen om flyskam i ei ytring på NRK. Det må han gjerne gjere. Eg er meir opptatt av resultat enn av skam. Men i iveren etter å kaste seg inn i debatten om skam og elitar kjem han i skade for å nedvurdere dei små skritta i klimakampen. Vi har en tendens til å hisse oss opp over småting, som utslepp frå flybransjen, og miste fokus på de store tinga, hevdar han. Han seier riktig nok t vi ikkje skal slutte å bry oss om flytrafikk, men meiner at debatten skygger for dei store utsleppa. Men er ikkje dette ein kunstig og kontraproduktiv motsetnad? Er ikkje alle store utslepp ein sum av små?

Skal vi slutte å snakke om utslepp frå anleggsmaskiner fordi transportsektoren slepp ut så mykje meir? Skal vi slutte å mase med landstraum til  cruiseskip fordi utsleppa er heilt marginalt i forholdtil det industrien slepp ut? Uansett kva du prøver å ta fatt i for å bidra til å nå måla i Parisavtalen, så er det alltid noko som er større og viktigare. Men alle monnar drar som far min brukte å seie når barna skulle delta i slåttonna. Og vi når ikkje nullutslepp om vi ikkje også tar fatt i dei «små» utsleppa.

Det største industriutsleppet i Noreg kjem frå sementproduksjon, og det blir brukt store summar for å finne ein teknologi som kan fange desse utsleppa og lagre dei under jorda. Sementindustrien slepp ut mindre enn innanlands flytrafikk, så då skulle vi vel brukt ressursane på dei store utsleppa? Industrisektoren og transportsektoren er to av dei sektorene som har størst utslepp her i landet. Men desse store utsleppa er summen av ei rekke mindre utslepp som må løysast på ulike måtar og ikkje i ein stor jafs.

Eit av problema i den norske klimadebatten er at dei fleste tiltak blir møtt med skepsis. Uansett kva som blir foreslått, så dukkar det opp nokon som meiner at ressursane og engasjementet bør nyttast på andre måtar. Sjølvsagt skal vi analysere effektiviteten av dei tiltaka vi set i verk for å redde klimaet. Men det er ikkje sikkert at vi løyser dei store utfordringane utan å innsjå at dei består av mange små. Det kan snarare føre til handlingslamming. Engasjement er ein viktig ressurs i klimakampen, og det begynner ofte i det små.

Alf