Tag Archives: energilova

Den problematiske elektrisitetsprisen

elprisMedia, ikkje minst sosiale media, fløymer over av klager på høge kraftprisar, og politikarar har kasta seg på kritikken. Men eg har sett få konkrete forslag til kva vi kan og bør gjere. Eit unntak er forslaget frå SV om å utvide bustøtteordninga med delvis dekning av straumrekninga. Eit anna er forslaget frå SP om å stoppe ein ny kabel for utveksling av straum med utlandet. Det vil ha ein viss effekt på framtidig energipris (isolert sett eit par øre i følgje fagfolk), men det hjelp ikkje på dagens situasjon.

Energilova
Den første kraftkablen til utlandet blei opna av Einar Gerhardsen i 1960. Men den store endringa i norsk energipolitikk kom med energilova av 1990. Den blei lagt fram av energiminister Eivind Reiten frå SP. Då blei Noreg ein integrert del av den nordiske og europeiske energimarknaden, og utvekslingskapasiteten med nabolanda våre blei bygd ut. Eit av formåla var å sikre leveringstryggleik i tørrår utan å sløse med vatn i våte år. Marknadsplassen Nord Pool AS blei etablert i 2001. Så langt har eg ikkje sett konkrete forslag om å avvikle marknaden, stenge ned kablar og innføre politisk styrt pris på vasskrafta.

Offentleg eigarskap
Noreg var tidleg ute med å vedta lover som sikra offentleg eigarskap til vasskrafta, den såkalla heimfallsretten. Den inneber at vasskraft som blir bygd ut av private, blir tilbakeført til staten etter 50 – 75 år. I 2007 fastslo EFTA-domstolen at heimfallsretten var i strid med EØS-reglane. Men etter aktiv innsats frå blant andre SV vedtok stortinget nye lover som sikra at vasskrafta framleis skal vere i offentleg eige. Private kan maksimalt eige ein tredel av kraftverk her i landet. Gjennom sitt eigarskap kan det offentlege påverke kraftprisen, men for industrikraft vil det kunne oppstå påstand om konkurransevridande statsstøtte.

Elektrisitetspris til privat forbruk
Enkelte har foreslått eit toprissystem på straum. Med offentleg eigarskap i energisektoren og nye straummålarar burde det vere mogeleg å gjennomføre. Men det har nok ikkje den fordelingseffekten som mange ønskjer seg. I dag er det vel slik at folk med god råd bur i moderne hus med lågt straumforbruk, medan folk med dårleg råd og gamle hus treng meir straum. Dermed kan eit slikt toprissystem få negativ fordelingseffekt.

Elektrisitet til privat forbruk er pålagt ei elektrisitetsavgift som i dag er i underkant av16 øre. Formålet er blant anna å motivere til å spare straum som er ein verdifull fornybar ressurs. Dagens høge prisar skuldast blant anna at CO-avgifta for europeiske kolkraftverk påverkar marknadsprisen også her i landet. Enkelte har derfor argumentert for å redusere elektrisitetsavgifta når elprisen er høg. Når prisane er høge, trengst det ikkje like høg avgift for å motivere til energiøkonomisering, blir det hevda.

Det overordna spørsmålet er om deler av elavgifta og andre offentlege inntekter frå energisektoren skal gå tilbake til forbrukarane gjennom å redusere kraftprisen, om midlane skal gå til enøk for å få ned kraftforbruket, eller om dei skal gå til velferd via politiske fora. Det kan vere eit poeng å vise ei direkte kopling mellom klimapolitikk og fordelingspolitikk. Derfor kan meir (behovsprøvd) støtte til enøk og solenergi vere eit poeng.

Kraftpris til industri
Kraftforedlande industri inngår vanleg vis langsiktige kontraktar med vesentleg lågare pris pr kWh enn det private forbrukarar betaler. Kraftprisen til industri auka kraftig frå 205 til 211, men har seinare vore relativt stabil. Kraftforedlande industri betaler ikkje elektrisitetsavgift eller avgift for grøne sertifikat. I tillegg får denne industrien støtte som svarar til den delen av marknadsprisen som skuldast CO2-avgift for kolkraftverk i Europa. Denne støtta kallast CO2-kompensasjon, og eg var sjølv med på å kjempa den fram då eg var i næringskomiteen. Spørsmålet er om vi gjennom det offentlege eigarskapet kan gi industrien gunstige energiprisar utover dette, for eksempel knytt til motytingar og miljøinnsats.

Aktiv eigarstyring
Norske offentleg eigde energiverk har som mål å optimalisere avkastninga på lik linje med private aktørar i marknaden. Fokuset i energisektoren har vore konsolidering og fusjonar for å få musklar til å drive trading i energimarknaden. Det er på tide å diskutere om det er noko å hente ved å gi sektoren andre styringssignal frå dei offentlege eigarane. Det same gjeld NVE som set rammene for disponering av magasinkapasiteten vår. Kanskje vi bør be Riksrevisjonen gjennomgå energisektoren og forvaltninga av det offentlege eigarskapet.

Nettleiga
Eit av argumenta for å innføre energilova i 1990 var at det var overinvestering i sektoren. Då lova trådde i kraft, falt investeringane i nett kraftig. I dag har vi derfor eit stort etterslep. Samtidig trengs det nett til å ta i mot ny fornybar energi og til intern transport fram til utanlandskablar. I tillegg står vi overfor eit enormt effektbehov knytt til elektrifisering av transportsektoren.

Det er grunn til å stille spørsmål ved om nettkostnadene burde differensierast sterkare. Den aktiviteten som pressar fram behov for nett, bør ta kostnadene. Slik unngår vi overinvestering, og slik unngår vi at dei som ikkje har behov for dei nye tenestene, må ta ein del av rekninga.

Kan og vil vi reversere
I kritikken av dagens situasjon så ligg det ofte eit implisitt ønskje om å få tilbake situasjonen vi hadde før energilova. Eg er absolutt ikkje nokon tilhengar av frie marknadskrefter for naturressursar. Men er det realistisk å stenge ned ein del av utanlandskablane og gå tilbake til politisk styrt pris? NVE har prøvd å rekne ut kva kraftprisen ville vere utan utanlandskablar. Dei hevdar kraftprisen ville auke kraftig. Slike simuleringar avheng av føresetnadene (som ikkje er presentert i notatet), og gir aldri eit godt bilete. Dei forklarer for eksempel ikkje kvar det blir av pengane når kraftprisen aukar utan at produksjonskostnadene aukar. Men det viser at det ikkje er enkelt å ha oversikt over kva som skjer om vi prøver å reversere samarbeidet med nabolanda med den infrastrukturen vi har i dag.

Oppsummering
Mange kritiserer dagens energiprisar, men det er få som kjem opp med tiltak som er i nærleiken av å ha den effekten dei etterlyser.

Mine forslag er:

  • sterkare differensiering av nettleige
  • gjennomgang av målstrukturen i den offentlege energisektoren og NVE
  • sterkare eigarstyring
  • vurdere gunstige industrikontraktar
  • sterkare satsing på enøk og solenergi med ekstra støtte til dei med dårleg økonomi

Alf