Muslimsk Union i Agder og Al-Rahma Islamic Center arrangerer demostrasjon mot terrorisme i Kristiansand i dag. Her er min appell :
Kjære vener
Først vil eg takke dei som har tatt initiativet til denne viktige markeringa mot terror. Det er flott å sjå at så mange engasjerer seg på tvers av religion og politisk ståstad. Det er viktig å skape eit breitt fellesskap i kampen mot blind vold og terror. Vi må kjempe for menneskeverdet – for retten til å leve eit verdig liv
Vi må skape ein visjon om ei verd der alle kan leve utan dagleg frykt for liv og helse – der alle kan tenkje og tru det dei vil. Men diverre er vi svært langt i frå denne visjonen i dag. Media gir oss dagleg grufulle bilete av uskuldige sivile som blir lemlesta og drepne.
Den siste tida har vi fått skremmande informasjon om terror i regi av IS. Media har vist oss eit fryktregime som vi må fordømme på det sterkaste. Vi kan ikkje akseptere at terror og frykt blir brukt som våpen mot sivilbefolkninga. Det er gledeleg at vi står saman på tvers av religiøse og politiske skiljelinjer i fordømming av IS sin terror.
Men vårt engasjement kan ikkje stoppe der. Vi må vere på vakt mot og fordømme vold mot uskuldige sivile over alt der det skjer. Vold og terror må fordømmast same kven som står bak. Vi må slutte å tru at våpen og vold er det einaste som kan løyse konfliktar.
Vold og terror skaper meir vold og terror. Vi må jobbe for å snu denne spiralen. Vi må skape rettferdigheit, fridom og verdigheit. I Midt-Austen er det dessverre mange som aldri har fått oppleve slike grunnleggande verdiar, og det avlar vold
Den siste tida har vi fått melding om at norske ungdomar melder seg frivillig til å delta i grufulle terrorhandlingar. Kva er det som får unge blant oss til å velje eit slikt liv? Korleis skal vi snu denne utviklinga?
Eg trur ikkje vi snur utviklinga berre ved å satse på nye lover og meir overvaking. Eg trur vi alle må ta meir ansvar for menneska rundt oss. Dei som kjenner seg utstøtt av samfunnet kan lettare bli fanga opp av grupper som driv med vold og terror.
Alle som har ein posisjon der dei blir lytta til, må ta ansvar – enten det er imamar, prestar, politikarar, lærarar eller idrettsleiarar. Vi må skape eit inkluderande og raust samfunn som har plass til alle. Vi må våge å ta vanskelege debattar og gripe fatt i destruktive haldningar.
Den norske diktaren Nordahl Grieg har skrevet diktet Til ungdommen. Vi bør lytte til diktaren når han seier: Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred.