Tag Archives: SV

Skalldyrfestival og regjeringskaos

P1010199

Debattpanel på Skalldyrfestivalen i Mandal

Den politiske debatten på Skaldyrfestivalen mangla trøkk.  Men tidlegare redaktør Finn Holmar Hoven som leia debatten, fekk fram ein del interessante poeng. Då han trakk opp til debatt om strandsona, konstatere han at det vel var SV som hadde størst innverknad i regjeringa på dette området. Eg såg ingen grunn til å protestere på det, men konstaterte at det var eit av mange område der SV har flytta regjeringa sin politikk i retning meir miljø, meir fellesskap og mindre privatisering.

Holmer Hoven siterte også utsegn frå Åse Michaelsen (FrP) der ho hevda at naturen langs kysten er lite verdt når den ikkje er  nedbygd av hus, og han stilte Peter Gitmark (H) spørsmål om han var nøgd med det kaoset og den vilkårlege praksisen vi har hatt hittil.  Med unntak av  Michaelsen  og Gitmark var debattdeltakarane positive til eit strengare plankrav i strandsona, og Gitmark ville rive ulovleg oppførte hytter.

Finn Holmer Hoven stilte også ein del spørsmål om  innvandring og samferdsel utan at det kom fram noko nytt.

Men til slutt utfordra Holmer Hoven dei borgarlege partia til å avklare kva regjering vi vil få om det blir borgarleg fleirtal på Stortinget. Det var tydeleg at Venstre og KrF ikkje ville vedgå at ei stemme til desse partia kan bli ei stemme til ei regjering leia av Siv Jensen. Høgre derimot ville gjerne bli med på ei regjeringsferd med Siv ved roret.

Les Gjesteskribent om sommar for folk flest og
Strandsonekaos og forskjellsbehandling med FrP

Les også valgforskarar som uttaler seg til NRK.

Alf