Eg har ikkje tal på dei gangane eg har blitt ringt opp av eit eller anna byrå som skal vite kva eg meiner om bedrifter og institusjonar. Synspunkt som ikkje passar inn i malen, vil dei ha seg fråbedt. Du skal ver så god vere heilt usamd, litt usamd, verken – eller, litt samd eller heilt samd. Og du skal ver så god halde deg til skjemaet sjølv om det ikkje er i nærleiken av å reflektere det du meiner om institusjonen. Kvifor du er samd eller usamd eller midt i mellom har ikkje skjemaet plass til. Eg prøvde ein gang å peike på at spørsmåla systematisk la føringar for svara og ville vite kven som var fagleg ansvarleg for opplegget. Men det var fullstendig nyttelaust.
Når eg spør kvifor eg stadig blir ringt opp, får eg vite at dei skal ha politikarar med i utvalet. Det er jo hyggeleg å vere ettertrakta politikar. Men å rangere meir eller mindre tilfeldige påstandar frå eit byrå er kanskje ikkje den mest sentrale aktiviteten om ein ønskjer å yte ein skjerv til å vidareutvikle samfunnet . Som politikare er eg meir opptatt av i gå inn i ei problemstillinga og føre ein dialog med dei det gjeld. Då kunne kanskje begge partar lære noko. Omdømmemålingane kan kanskje måle effekten av reklamekampanjar lik den Statoil no køyrer med bars som verkemiddel. Men dei er lite eigna til å samle kunnskap som kan føre til nytenking. Og omdømemålarane har gjerne ein tendens til å komme opp med behov for omdømmebygging og reklamekampanjar, ikkje grunnleggande endringar.
Neste gang eg blir ringt opp med spørsmål om eg er samd eller usamt eller midt i mellom, vil eg vurdere å be oppdragsgivaren å delta i samfunnsdebatten og gjerne komme og snakke med meg, framfor å hyre omdømmebyrå som filter.
Alf