Miljøteknologi som næringspolitikk

Innlegg i trontaledebatten:

Enkelte oppfatta klimapolitikken som ein trussel mot industri og næringsliv. Men dersom vi fører ein offensiv næringspolitikk er klimasatsinga ei muligheit for næringslivet – ikkje ein trussel. Det er innlysande at satsing på passivhus, vindmøller og elbil vil trenge ein livskraftig industri som har evne til å tilpasse seg nye behov.

Mange utredningar, blant anna frå Teknologirådet, peikar på at miljøteknologi er ein veksande marknad som det er viktig å satse på før det er for seint.

Norsk industri har høg kompetanse på ale nivå i organisasjonen frå operatør til forskar. Samtidig har vi eit høgt kostnadsnivå som gjer det vanskeleg å klare seg på mange tradisjonelle bulk-marknader. Nettopp derfor er det viktig å satse på marknaden for miljøteknologi som er kompetansekrevande og derfor tåler eit høgt kostnadsnivå.

I Vest-Agder har vi mange eksempel på at offensiv satsing på miljøteknologi har redda nedleggingstrua arbeidsplassar. Dei fleste kjenner vel til Elkem Solar. Men vi har også det gamle Jernstøperiet som har satsa på vindmøller og blitt ein del av verdens største vindmøllekonsern. Eit anna eksempel er Metallkraft som no bygger fabrikkar også i utlandet.

Dette viser at offensiv satsing på miljøteknologi kan redde arbeidsplassar som elles hadde gått tapt i dei tradisjonell marknadene. Men det er krevande å utvikle slik teknologi. Som eksempel kan eg nemne at forskinga som resulterte i Elkem Solar, starta for 30 år sidan.

Skal vi få til eit miljøteknologisk paradigmeskifte i norsk næringsliv og trygge arbeidsplassane i eit klimavennleg samfunn, er det behov for eit omfattande samarbeid mellom det offentlige og næringslivet – og med partane i arbeidslivet.

I Soria Moria 2 lovar regjeringa å bidra aktivt til denne nødvendige omstillinga i næringslivet. Regjeringsplattforma peikar spesielt på at det er behov for å gjennomgå verkemiddelapparatet. Det blir ei felles utfordring for regjeringa og Stortinget å vidareutvikle og konkretisere satsinga på miljøteknologi.

Denne satsinga må bli vellukka om vi skal skape entusiasme for og vinne klimakampen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s