I dag skal eg snakke om pelsdyrnæringa i Stortinget. SV meiner at erfaringane hittil tyder på at det er vanskelig å ha ein pelsdyrproduksjon som sikrar god dyrevelferd.
Her er vi på linje med fråsegner frå Den Norske Veterinærforening. Alt i 2001 peika den på at pelsdyrhald byr på store utfordringar når det gjeld dyrehelse. Og i fjor haust uttalte foreninga følgjande:
”Dagens pelsdyrhald er basert på å halde aktive rovdyr i små nettingbur. Driftsforma betyr at dyra ikkje får tilfredsstilt naturlege åtferdsbehov.
Den Norske Veterinærforening har tidligare uttrykt skepsis til pelsdyrhald. På tross av gode intensjonar i næringa, viser det seg at det framleis er store dyrevelferdsmessige problem i pelsdyrhaldet. Den Norske Veterinærforeining meiner derfor at tida no er moden for å vurdere avvikling av alt pelsdyrhald i Noreg.”
Vi kan ikkje gå på akkord med krava til dyrehelse for å produsere pels til luksusforbruk. På bakgrunn av dyrehelsesituasjonen i næringa vil SV arbeide for eit forbod mot pelsdyrhald i Noreg.
Alf