Ein forkorta versjon av denne bloggposten stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
Fædrelandsvennen har presentert utrekningar som kan gi inntrykk av at salet av Agder Energi lønte seg for Kristiansand kommune. Men ei rask overslagsberekning gir eit anna bilete. I følgje Fædrelandsvennen selde Kristiansand kommune 22,5% av aksjane i Agder Energi i 2002. Dersom kommunen hadde halde på desse aksjane, ville dei i perioden 2003 til 2009 gitt ei avkastning på 0,94 milliardar kroner. Cultiva og Sørlandets kompetansefond, som til saman fekk overført meir kapital enn det Kristiansand selde sine aksjar for, gav i same periode ei samla avkastning på 0,71 milliardar kroner i følgje avisa.
Tapa blir langt større når vi ser på verdistiginga i selskapet. Samanliknar ein med andre kraftselskap som har blitt omsett, er det ikkje urimeleg å tru at verdiauken er på opp mot 10 milliardar kroner. For dei aksjane som Kristiansand kommune selde, utgjer det om lag to milliardar kroner. Fædrelandsvennen argumenterer med at dette er ei verdistigning som ikkje kan realiserast utan å miste aksjemajoriteten. Men det viser at salet skjedde på feil tidspunkt. Sal av ein del av aksjane på eit seinare tidspunkt hadde gitt langt større inntekter. Eit av argumenta mot sal var nettopp at verdien kom til å stige, noko som blei blankt avvist av dei som ville selje. Men det beste alternativet ville ha vore å sitje med aksjane og ta i mot eit godt utbytte samtidig som vi gjennom verdistigning byggjer opp ein solid reserve.
Det kan også vere av interesse å rekapitulere litt av debatten kring salet av Agder Energi. Dersom vi ikkje hadde klart å reise ein sterk kamp mot sal, er eg redd for at kommunane på Agder hadde mista aksjemajoriteten. Det kunne ha ført til mindre fokus på å bygge kompetanse og utvikle aktiviteten i selskapet. Resultatet kunne ha blitt ei utarming av eit viktig industrielt lokomotiv på Agder. Vi står no overfor ein periode som kan bli krevjande for industrien, og då er slike industrilokomotiv ekstra viktige for regionen. Agder Energi som andre vasskraftselskap haustar av våre felles naturressursar. Det er ikkje unaturleg at slike selskap er i offentleg eige for å sikre verdiane for fellesskapet.
Det bør også nemnast at fleire fagmiljø har karakterisert prosessane kring sal av Agder Energi som lite demokratiske. Men det er ein større diskusjon som det vil føre for langt å gå inn på her.
Alf