Då eg begynte på minn første jobb etter ferdig utdanning, sa sjefen min: Du må komme deg ut på labben og få litt olje på fingrane dersom du skal bli ein god ingeniør og forskar. Dette er eit godt råd også for politikarar. Derfor har eg hatt ”sommarjobb” på tre arbeidsplassar no i sommar.
Siste arbeidsdag var eg på ein liten reketrålar. Fiske er ikkje ei stor næring på Sørlandet, men den legg basis for omsetning av reker og fersk fisk som er kortreist mat. Sørlandet ville ha vore fattigare utan ferske reker. Vi hadde gode diskusjonar om dei nye forskriftene som er på trappene. Det er viktig å ta vare på fiskestammane, spesielt kysttorsken, men samtidig er det viktig at forskriftene tar omsyn til yrkesfiskarane utan å gå på akkord med kravet om brekraft. Vi fekk også presentert eit eksempel på byråkratisering. No er også dei minste reketrålarane slik den eg var med, klassifisert som industritrålar fordi dei kokar rekene om bord. Kan det vere praktisk å ha desse små fartøya i same klasse som store havgåande fabrikkskip?
Dei første to dagane var eg på Metallkraft, ei spennande bedrift som oppgraderer avfall frå solcelleproduksjon. Der fekk eg innsikt i dei utfordringane ein møter når ein skal utvikle heilt nye prosessar. Samtidig hadde vi gode diskusjonar om korleis vi må endre dei statlege støtteordningane for å få fart i satsinga på grøn industri. Dette er synspunkt eg vil ta med tilbake til arbeidet på Stortinget . Det var interessant å registrere at leiinga ved bedrifta langt på veg hadde samanfallande synspunkt med det eg har kjempa for.
Dei neste to dagane var eg på Returkraft. Her blir restavfall til elektrisk straum og varmt vatn til fjernvarmeanlegg. Eg har hatt store deler av mitt yrkesaktive liv i industrien, men eg blei imponert over kompleksiteten i anlegget. Her er det både forbrenning, turbin/generator og fleire reinsetrinn. Dei fleste operatørane kom frå andre prosessbedrifter i Agder. Vi har lett for å gløyme det store potensiale som ligg i det breie prosessindustrimiljøet på Agder.