Frå tillit til detaljkontroll

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen sist fredag.

Innsatsstyrt finansiering og bestillar- utførarmodell har lenge vore høgrepartia sitt mantra for å effektivisere offentleg sektor. SV har hevda at denne form for organisering og leiing fører til meir kontroll og byråkrati, ikkje meir og betre tenester. Det er interessant å registrere at Fædrelandsvennen peikar på det same i sin leiarartikkel sist tysdag, der avisa tar eit oppgjer med byråkratiseringa og kontrollmani.

Innsatsstyrt finansiering kom for fullt inn i offentleg sektor på nittitalet som eit resultat av at marknadsliberalistane var på offensiven i samfunnsdebatten. No skulle offentleg sektor kopiere private bedrifter  og etterlikne marknadsmekanismar. Ein stolte ikkje lenger på at fagfolk brukte tildelte ressursar til det beste for brukarane og borgarane. No måtte dei ha insentiv for å yte sitt beste, blei det hevda. Og med insentiva kom omfattande registrering og kontroll.

Eg har ikkje tal på alle dei gongene SV har åtvara mot denne utviklinga. Men det var som å snakke til veggen. No skulle det moderniserast og effektiviserast etter modell frå bedriftslivet. Byråkratiet i offentleg sektor skulle erstattast med pseudo-marknader og insentivstyring. Det skulle skape meir omsorg for kvar krone i følgje Erna Solberg og andre marknadsliberalistar.

Dei konsekvensane som SV åtvara mot, og som Fædrelandsvennen peikar på i sin leiarartikkel, er no synlege for alle. Det som skulle sikre effektivitet og innovasjon, har skapt byråkrati og omfattande kontrollsystem. Slike transaksjonskostnader er velkjente i det private næringsliv, og burde ikkje overraske nokon. Det burde heller ikkje overraske at transaksjonskostnadene er større i organisasjonar med kompleks målstruktur.

Offentleg sektor har tradisjonelt bygd på tillit til at fagfolk gjer sitt beste innafor dei rammene dei får tildelt. Kompetanse og integritet har gjort detaljstyring og insentivstyring overflødig. Utan insentivstyring var også  kontrolloppgåvene vesentleg enklare. Men marknadsliberalistane har langt på veg fått gjennomslag for å erstatte tillit og heilskap med detaljstyring og kontroll. Høgresida si løysing er meir av det same. Har vi råd til det?

Alf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s