Dette innlegget stod på trykk i fædrelandsvennen i dag.
Borgarlege politikarar og Fædrelandsvennen likar å klage over at Sørlandet får for lite utteljing på statsbudsjettet. Eg har prøvd å peike på at ein ikkje berre må sjå på midlar som er øyremerka regionen. Like viktig er det å ha gode nasjonale ordningar som er tilpassa behova på Sørlandet.
CO2-kompensasjonsordninga for prosessindustrien er eit godt eksempel på ei slik ordning. Med vår omfattande prosessindustri var det viktig for vår landsdel å få på plass denne ordninga. Den har større verdi for Agder enn mange øyremerka tilskot, men fordi det er ei nasjonal ordning, har det vore lite fokus på den i regionen og i regionale media.
Kanskje er det årsaka til at den blåblå regjeringa sine kutt i CO2-kompensasjonsordninga kjem som julekvelden på kjerringa for den blå Agder-benken. Skal Agder bli ein framtidsretta region må vi bli flinkare til å sjå det lokale i det nasjonale. Mi erfaring er at det er lettare å få gjennomslag for nasjonale ordningar som også er tilpassa Sørlandet, en å satse på spesielle tiltak for regionen. No har jo dei som har vore flinkast til å sutre over mangel på øyremerka midlar, komme i maktposisjon, så då kan det kanskje vere mogeleg å reise denne debatten.
Alf