Monthly Archives: august 2014

Frå svart til grøn handlekraft

imageSuksessen til norsk oljeteknologi skuldast politisk handlekraft. Diverre manglar vi den same politiske handlekrafta for å få til det grøne skiftet.

Norsk oljeteknologiindustri er ein suksess, men den er ikkje resultat av oljefunn og marknadskrefter åleine. Næringa blei løfta fram av visjonære politikarar som tok viktige grep på rett tidspunk. Dei la grunnlaget for ein teknologitung industri som har erobra verdsmarknaden. No treng vi tilsvarande handlekraft for å sparke i gang det grøne skifte. Men den oljedopa økonomien og trua på at marknaden ordnar opp, har lamma handlekrafta til politikarane i dei stor partia.

For ein del år sidan såg vi konturane av ein diskusjon om kva vi skal leve av etter olja, men den stilna raskt. Nokre oljefunn fekk førstesideoppslag i media, Jens Stoltenberg gjekk til frontalangrep på oss som stile slike dumme spørsmål, og SSB la fram ein rapport som konkluderte med at ting vil ordne seg. Men vil dei det? Viser ikkje eksempelet med suksessen til oljeteknologiindustrien at politisk handling på riktig tidspunkt gjer ein stor forskjell? Eit anna eksempel er miljøkrava som prosessindustrien fekk på åttitalet. I dag meiner dei fleste at krava tvinga fram teknologisk innovasjon som redda norsk prosessindustri.

Like før ferien fekk to næringsklynger status som Global center of expertise. Begge klyngene er ein del av petroleumsindustrien. Dei er teknologitunge, og dei dominerer verdsmarknaden på sine område, så statusen er vel fortent. Men det bør vere eit tankekors at det berre er petroleumsnæringa som når opp i slike konkurransar. Mange trøystar seg med at teknologibedrifter har stor omstillingsevne. Men spørsmålet er om dei vil finne kompetans og rammvilkår for grøn omstilling her i landet, eller om dei grøne divisjonane og knoppskytingane vil dukke opp andre stader.

Den nasjonal forskingstiske komite for naturvitskap og teknologi, NENT, uttalte nyleg at » … det er forskingsetisk uforsvarlig om petroleumsforskinga sine rammevilkår og forskingsaktivitetar hindrar omstillingsprosessar slik at FNs klimamål, som Noreg har forplikta seg til, ikkje kan nåast.» I kor stor grad petroleumsforskinga hindrar omstilling er de ikkje så lett å svare på. Men det er påfallande kor lite debatt denne fråsegna har skapt. Er det ingen som vågar å ta debatten om kva rolle forskinga spelar i brytinga mellom den svarte og den grøne økonomien?

I tillegg til forsking er langsiktige investeringar og grøne marknader viktig for det grøne skiftet. Eksplosjonen i sal av elektriske bilar viser at politikk verkar der marknaden er for treg.. Vi treng fleire slike satsingar, ikkje minst for å fremme enøk og bruk av solenergi i bygg. Og vi må ta lærdom av at det var Statoil som skapte den suksessrike oljeteknologiindustrien. No treng vi eit Statgrønt som kan løfte fram store langsiktige prosjekt og utvikle ein grøn leverandørindustri.

Alf

Dette innlegget står på trykk i Klasselkampen i dag.

Fakkeltog for palestina

Palestina-arendalI dag gjekk nesten 500 i fakkeltog gjennom gatene i Arendal for å vise solidaritet med palestinarane i Gaza. Her er min appell i den breie markeringa.

Kjære venner av det palestinske folk

Først vil eg takke for å bli invitert til å bidra til denne breie solidaritetsmarkeringa for det palestinske folk på Gaza

Det er vanskeleg for oss her i ein fredeleg krok av verda å setje oss inn i korleis det er i Gaza i desse dagar. Tenk dykk at tredjeparten av norges befolkning er sperra inne på eit område herifrå til Grimstad. Tenk dykk så eit massivt bomberegn over dette vesle området. Tenk dykk frykta. Det er ikkje lett å finne nokon trygg plass å flykte til på dette vesle området når også mange skolar og sjukehus blir bomba.

Resultatet er som ofte elles. Det er sivile og barn som lir. FN reknar med at over 1800 palestinarar er drepne, og at to tredeler er sivile. 400 barn er drepne, 2.500 barn er skada, 65.000 barn er heimlause og fleire hundre tusen et traumatisert.

Dette er ein heilt ufatteleg katastrofe. Ein heil generasjon er lemlesta og traumatisert. Uskuldige barn og familiar må lide for ein konflikt som har vart i generasjonar. Fordi verdssamfunnet lar det skje.

Det vil krevje stor internasjonal innsats å bygge opp att samfunnet i Gaza. Den enkelte av oss kan støtte gjennom innsamlinga til proteseverkstaden i Gaza har i kveld, eller gjennom støtte til Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp og andre som arbeider for å lindre lidingane til det hardt prøvde palestinske folket. Men vi må også krevje at Norge aukar si støtte til og blir ein pådrivar for oppbyggingsarbeidet

Det er hyggeleg at så mange stiller opp her i dag. Det gir håp om at vi kan skape eit breitt krav om at Norge må bli pådrivar for å støtte palestinarane i arbeidet for å bygge opp att det palestinske samfunnet.

Men det er ikkje nok å reparere skadane. Status quo er ikkje ei akseptabel løysing. No er det på tide at det internasjonale samfunnet engasjerer seg for å få til ei rettferdig og varig fredsløysing, og Norge må engasjere seg langt tydeligare og sterkare.

Skal vi få varig fred, må folkeretten må leggast til grunn og det må bli slutt på den folkerettsstridige blokaden av Gaza. Palestinarane må få ein reell sjanse til å styre i eige land og bygge og utvikle eit levedyktig samfunn.

Då kan vi kanskje seie med Nordal Grieg:
Da faller våpnene maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred.

Takk til alle som engasjerer seg for folket i Gaza.

Alf