Eg har lova meg sjølv og andre at eg ikkje skal skrive memoarar når eg trappar ned i politikk og arbeidsliv. Men i prosessen med å rydde ut av kontora har det dukka opp ein annan ide. Eg har sett meg føre å skrive nokre blogginnlegg om sentrale saksfelt som eg har engasjert meg i på ulike måtar. Når eg blar i gamle dokument, så slår det meg at det er forbausande mange av dei sakene venstresida har kjempa for, som no har fått heilt eller delvis gjennomslag. Men folk flest og ikkje minst media hugsar berre at vi var i opposisjon, ikkje kvifor. Det kan vere nyttig for dei som skal ta kampen vidare, å ha med seg litt av denne historia. Aktuelle tema som kan dukke opp på bloggen er:
- Grøn industripolitikk
- New Public Management
- Forsking – samarbeid og uavhengigheit
- Økonomiske forskjellar – gift for demokratiet
- Godheitstyrani – moral – solidaritet
- Samarbeid og makt
- ???
Innlegga vil vere dynamiske i den forstand at eg tar sikte på å oppdatere om det kjem ny informasjon for eksempel i form av tilbakemeldingar.
Følg med – følg med
Alf
venter i spenning
LikerLiker
Ambisjonen er å skrive første innlegg i løpet av romjula
LikerLiker
Dette er eit projekt eg har sans for Alf! Det er heilskapsyn og innsikt i lange liner som er avgjerande for meiningsfull politikkutvikling. Både gamal og ny liberalisme har motsett ideal, og dyrkinga av kortsikitge perspektiv og «usynlege hender» har i ein periode vore stimulerte av medie og kommunikasjonsutviklinga – med fragmenterte verdsbilete, ekkokammer og høgrepopulisme som ektefødde born. Egh ynskjer deg mange lange og produktive år som forfattar!
Bjørn Enes
LikerLikt av 1 person
Det har ligge litt no ei stund medan eg har skrive andre ting for Agenda magasin og andre. Men eg tar det nok opp att.
LikerLiker