Batterifabrikk på Sørlandet

I debatten om korleis vi skal kompensere for redusert oljeaktivitet, snakkar dei fleste om offshore vindenergi og fangst og lagring av CO2 (CCS). Det er viktige satsingar som passar inn i den kompetansen leverandørindustrien har bygd opp. Men det er tvilsamt om desse satsingane åleine  kan kompensere for redusert oljeaktivitet og sikre ein sterk industrisektor her i landet. Vi må ha eit breiare perspektiv og utvikle fleire industriområde som har basis i norsk industritradisjon og er viktige for våre klimamål. I dette perspektivet kan planane om ein batterifabrikk på Sørlandet, vere eit skritt i riktig retning.

Debatten om klima og grøn omstilling handlar ofte om utsleppsfri produksjon av energi. Men energiproduksjon er berre ein del av den grøne industrien vi må utvikle dersom vi skal skape eit berekraftig samfunn. Etter kvart som vi elektrifiserer transportsektoren og produserer meir fornybar energi, blir det behov for å lagre energien, og marknaden for batteri er i kraftig vekst. Ein batterifabrikk på Sørlandet møter denne marknaden og blir ein del av ei industriklynge som kan bidra med kompetanse og råmateriale. 

Batteriproduksjonen bør bli starten på ei utvikling der norsk prosess- og materialindustri engasjerer seg i vidareutvikling av dagens produkt slik Elkem har gjort med å satse på silisium til solceller. Det vil vere viktig både for sysselsetting og for klima. Overgangen til fornybar energi stiller nye krav til materiale. I eit klimavennleg samfunn må også materialproduksjon vere utsleppsfri, og Noreg har gode føresetnader for å bli teknologisk leiande på dette området. 

Sirkulær økonomi er heilt sentralt i eit berekraftig samfunn. Etablering av batteriproduksjon bør derfor følgjast opp med resirkulering av batteri for å redusere avfallsproblema og behovet for jomfrueleg metall. Førebels er det ikkje mangel på råvarer til produksjon av bilbatteri. Men ein del kobolt  blir utvunne med barnearbeid og med fare for liv og helse. Norske batteriprodusentar bør derfor arbeide for å etablere eit system for sosialt berekraftig koboltutvinning. 

Norsk prosessindustri kan bli verdsleiande på produksjon for eit klimavennleg samfunn og bør ha ambisjonar om å gå lenger ut i verdikjeda enn i dag. Med tydeleg fokus på berekraft kan batteriproduksjon vere eit element i ein slik strategi.

Alf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s