Grøn industri er meir enn batteri og hydrogen

Skal vi omstille oss bort i frå fossil energi slik det er slått fast i slutterklæringa frå COP28, så treng vi å kunne lagre og transportere energi. Produksjon av batteri og hydrogen er derfor viktige fundament for denne omstillinga. Men ein grøn næringspolitikk må omfatte langt meir enn energilagring. Eit lite land som Noreg må finne sin plass i dei framveksande grøne marknadene. Volumproduksjon av produkt som mange land satsar på samtidig, er ikkje alltid det optimale.

Prosessindustrien har solide tradisjonar i Noreg. Den produserer blant anna materiale som inngår i batteri, så det er ikkje unaturleg å satse på batteriproduksjon her i landet. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon. Vi bør også tenkje på nisjar og produkt som inngår i produksjonen slik Elkem har gjort med spesialisert grafitt til anodar. Ein slik strategi der ein leverer til mange produsentar av batteri, gjer den nye grøne industrien mindre sårbar. 

Eit anna eksempel er Kristiansand-firmaet Pixii som leverer teknologi for overføring av straum frå nett til batteri og tilbake. I haust fekk selskapet Deloittes pris for raskast veksande teknologiselskap i Noreg. Pixii har no 100 tilsette og kontor i fleire land. Slike intelligente styringssystem vil vi trenge mange av i eit straumnettet med store mengder fornybar energi som ikkje er kan styrast.

Grønt hydrogen frå fornybar energi er viktig for det grøne skiftet. Hydrogen kan erstatte karbon ved framstilling av ein del metall, blant anna jern. Transportsektoren treng også hydrogen eller ammoniakk frå hydrogen for å nå målet om nullutslepp. Hydrogen har også den fordelen at produksjonen kan tilpassast varierande tilgang på fornybar energi. Produksjon av grøn hydrogen her i landet bør sjåast i samanheng med ein strategi for utvikling av aktuelle bruksområde. Stabilmasseproduksjon av hydrogen for eksport gir lite arbeidsplassar samanlikna med alternativ brukav den elektriske krafta.

Produksjon og lagring av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men vi har lett for ågløyme at ein grøn industripolitikk må handle om langt meir. All industri må omstillast til nullutslepp. Ikkje minst prosessindustri og bygg og anlegg må utvikle teknologi for å fjerne utslepp. Det er nødvendig for å nå klimamåla våre og er langt på veg like viktig som å utvikle utsleppsfri energiproduksjon.

Når all industri skal bli utsleppsfri, må vi etter kvart komme bort i frå å snakke om grøn industri i motsetning til anna industri. Ein grøn industripolitikk kan ikkje berre handle om produksjon og lagring av fornybar energi. Den må omfatte all industri og kombinere kravet om nullutslepp med strategi for konkurransekraft og lønsemd. Dei tradisjonelle utfordringane for industrien blir ikkje borte med det grøne skiftet.

Omlegging til utsleppsfri industri er eit stort felles løft for samfunnet. Det vil krevje statleg risikoavlastning i form av lån og offentleg eigarskap. Men det må ikkje overskygge at også den utsleppsfrie industrien må bidra positivt til fellesskapet over tid. Det er den vi skal leve av i framtida. Vi må finne vår plass og våre konkurransefortrinn i dei verdikjedene som utviklar seg. Det kan vere krevjande i ein situasjon der mange land satsar samtidig, gjerne med betydeleg statleg støtte.

God tilgang på elektrisk kraft til moderate prisar har vore ein hjørnestein i norsk industripolitikk. Energipolitikken er ikkje mindre viktig når vi skal omstille bort i frå fossil energi. Det er ikkje nok å seie meir av alt. Vi treng meir fornybar kraft, men det er lite som tyder på at det åleine vil sikre stabile konkurransedyktige prisar. Skal regjeringa klare å utvikle ein truverdig industripolitikk og vinne neste val, så må den ta kontroll over kraftprisane og lage ein strategi for prioritering av dei miljøvennlege kraftressursane våre. 

Vi må satse og ta posisjonar i dei nye grøne marknadene dersom vi vil legge til rette for ein levedyktig industri i samsvar med krava frå COP28. Men vi må unngå å bygge ein einsidig og sårbar industristruktur.

Alf Holmelid

Innlegget blei publisert i Fædrelandsvennen 4. januar.

Kommenter innlegget