Denne kronikken står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
Eg har hatt gleda av å delta i det politiske livet i Kristiansand i tre tiår. Ein del slag har vi tapt, men byen har gradvis utvikla seg i retning av ein romslegare, meir moderne og meir miljøvennleg by. I heile denne perioden har dei borgarlege hatt makt i byen. Men det borgarlege styret som vi no har fått i Kristiansand, har lagt om kursen og sett utviklinga i revers.
Det første den nye maktalliansen gjer, er å skape tvil om framtida for kollektivtransporten i Kristiansandsregionen. SV har jobba aktivt for å få på plass stimuleringsmidlar til byar med ei offensiv kollektivsatsing. Kristiansand er ein av dei byane som har fått mest frå denne ordninga på grunn av ein god søknad til samferdselsdepartementet. Men no har dei nye makthavarane i Kristiansand rota det til slik at regionen kan miste 60 millionar kroner, og kollektivtilbodet kan bli sterkt redusert.
Det blir argumentert med at klimautsleppa frå industrien i Kristiansand har gått ned, og at det derfor ikkje er så farleg om vi aukar utsleppa frå privatbilbruken. Med slike resonnement er det ikkje rart at det er vanskeleg å redusere klimautsleppa og ta vår del av ansvaret for å møte den globale klimautfordringa. Ein skulle tru at ingen i den borgarlege koalisjonen i Kristiansand har høyrt om klimatrusselen og om det klimaforliket som alle partia unntatt Frp har forhandla fram på Stortinget.
I denne saka har tydelegvis Kristiansand handla på eiga hand og ikkje konferert med nabokommunane. Ordføraren i Kristiansand synest å vere meir opptatt av å dra til Oslo for å ha møte med andre høgreordførarar enn av å snakke med ordførarane i nabokommunane om viktige felles utfordringar. For ein del år sidan då eg jobba i nabofylket i aust, stilte eg spørsmål om Kristiansand er raus nok til å vere storebror på Agder. Den gangen var svaret tja. Men med det nye regimet i Kristiansand er eg meir i tvil. Å skape uro om avtaler som er inngått, er heller ikkje det beste utgangspunktet for framtidig samarbeid med sentrale styresmakter.
Noko av det som har utvikla seg mest positivt i Kristiansand dei siste tiåra, er kulturlivet og kulturtilbodet. Vi har etter kvart fått eit allsidig kulturliv med mange ulike fasettar. Kristiansand har gradvis blitt ein meir interessant og spennande by både for oss som bur her og for tilreisande. Mange eldsjeler har lagt engasjement og arbeid i å utvikle nye arenaer for kunst og kultur. Dette er ei utvikling som har sett Kristiansand på kartet både nasjonalt og internasjonalt, og det har hatt positive ringverknader for næringslivet.
Mange høgrefolk er opptatt av at Kristiansand må få status som storby. Eit allsidig og nyskapande kulturliv er nettopp noko av det som gjer Kristiansand til ein romsleg og stor by. Men no vil dei borgarlege budsjettkameratane reversere denne utviklinga og ta midlar frå spennande kulturaktivitetar. Vi var mange som åtvara mot denne utviklinga før valet. Då lova Høgre at dei ikkje ville la Frp få innverknad på kulturpolitikken, så vi må gå ut i frå at det som no skjer, også er Høgre sin kulturpolitikk.
Full barnehagedekning er den største reforma i norsk politikk dei siste åra. Den er viktig for barna, og den er viktig for integrering og for likestilling. Er det nokon landsdel som bør satse på tiltak for betre likestilling, så er det nettopp Agder. Det er snart på tide at Sørlandet kjem seg opp frå botnen av alle likestillingsstatistikkar. Vi har eit stykke att før vi er på eit nivå som vi kan leve med. Derfor er det ekstra uheldig at hovudstaden på Sørlandet går i motsett retning og innfører kontantstøtte for å spare pengar i barnehagesektoren. Det er eit signal vi slett ikkje treng i arbeidet med å ta fatt på dei store likestillingsutfordringane som Agder står overfor.
Økonomisk straff for å vere sjuk er det siste utspelet frå dei nye kostane i rådhuset i Kristiansand. Å kalle det bonus til dei friske endrar ikkje på den kalde realiteten at det skal straffe seg å vere sjuk. Er det nokon som trur at folk blir friskare av trugsmål? Å ty til slike straffetiltak er eit nederlag for ein arbeidsgivar. Skal ein få ned sjukefråveret, må ein satse på å utvikle eit fysisk og sosialt arbeidsmiljø som gjer at folk held seg friske og kan gå på jobb.
Mange arbeidsgivarar har klart å få ned sjukefråveret ved å vise tillit til dei tilsette og ha tett kontakt om kva som skal til for å skape ein god arbeidsplass. Økonomisk premiering og straff er ikkje det beste verkemiddelet for å skape fellesskap og engasjement om å løyse dei viktige samfunnsoppgåvene som kommunen har ansvaret for. Vi må satse på tillit, fellesskap og eit godt arbeidsmiljø framfor premiering og straff dersom vi skal klare å utvikle ein berekraftig kommunesektor som kan løfte dei store velferdsoppgåvene vi står overfor.
Høgrefolk på Sørlandet klagar ofte over at landsdelen ikkje blir lagt merke til i Oslo. Men eg kan love at den snuoperasjonen som no pregar Kristiansand, vil bli lagt merke til. I kampen for å få regjeringsmakt argumenterer dei borgarlege partia ofte med at Frp ikkje skal få innverknad på kulturpolitikken og den økonomiske politikken, men det er ikkje lenger truverdig. Kristiansand er eit godt eksempel på kva som skjer når vi får eit blåblått styre der dei borgarlege har makt i allianse med Frp.
Alf


