Category Archives: kollektivtransport

Trur Høgre på sin eigen politikk?

SV har lenge kjempa for ei sterkare satsing på kollektivtransport. Vi kan ikkje fortsette dagens utvikling med sterk trafikkvekst og store køproblem i byane. Det er skadeleg både for klima, miljø og trivsel. Næringslivet blir også ramma, og NHO har støtta kravet om å legge til rette for redusert privatbilbruk i byane.

Hittil har SV fått lite støtte i kampen for sterkare prioritering av kollektivtransporten. Men no ser det ut til at dette er i ferd med å snu. Arbeidarpartiet vedtok på sitt landsmøte å bruke meir pengar på kollektivtransport. No har også Høgre lova å satse meir på kollektivtransport i dei store byane. Tida vil vise kva dette betyr i praksis, men vi vel å tru at det inneber ein snuoperasjon som kan hindre at kollektivtransporten framleis blir nedprioritert til fordel for veg og privatbil.

Høgre legg vekt på at dei vil ha bilane bort i frå dei største byane. Dersom dei trur på sin eigen politikk, så burde Høgre i Kristiansand trekke tilbake støtta til det nye parkeringshuset under Torget.

Alf

Når fakta prellar av

For ei tid sidan gjekk Peter Gitmark (H) ut i Fædrelandsvennen med påstanden om at Kristiansand kommune får  for lite kollektivmidlar fordi byen ikkje har storbystatus. Eg tilbakeviste påstanden i eit innlegg i avisa og dokumenterte at Kristiansandsregionen ligg på topp når det gjeld belønningsmidlar til kollektivtransport.

Sist onsdag gjekk Gitmark til mi store overrasking ut med den same påstanden på nytt. Fakta bit tydeleg vis ikkje på Høgre når dei ser ein sjanse til å skaffe seg medieoppslag ved å snakke negativt om kav regionen har fått til.

Denne gangen gjekk Gitmark i tillegg til eit breitt angrep på den manglande storbystatusen. Eg fant derfor fram referatet frå behandlinga i Stortinget. Der stemte Gitmark og Høgre for at Kristiansand ikkje skulle få storbystatus. Høgre skreiv faktisk ein merknad der dei eksplisitt støtta nettopp dette punktet. Men det ”gløymde” Gitmark å fortelje lesarane, for å gi inntrykk av at det var opposisjonen mot regjeringa i denne saka. Eg måtte på nytt setje meg til PC-en for å få fram fakta for lesarane.

På tross av denne dokumentasjonen gjekk Gitmark dagen etter på nytt ut mot manglande storbystatus utan å informere om kva Høgre stemte. Gitmark er alltid på hogget og klagar over at representantar for regjeringspartia har for lite gjennomslag. Men i denne saka burde han kanskje ta inn over seg at også han har ein jobb å gjere i eige parti før han klagar på andre.

Gitmark lever tydelegvis etter regelen om at det er lettare å angripe enn å ta ansvar.

Alf

Debatten om bussmetro

For nokre dagar sidan tok eg i Fædrelandsvennen til orde for ein brei politisk dugnad for å støtte opp om planane om bussmetro i Kristiansand. Mange støtta utspelet, men Gitmark (H) valde i staden å gå til angrep på SV og regjeringa.

Gitmark uttalte til avisa at regjeringa har kutta i belønningsmidlane til kollektivtransporten. Det stemmer ikkje. Tvert i mot har regjeringa på landsbasis dobla midlane til 333 millionar kroner som er nivået i 2010. I tillegg til dette har SV fått gjennomslag i Soria Moria II for ei ny dobling av tilskota til kollektivtrafikken innan 2013.

Kristiansand er så langt ein av vinnarane når det gjeld belønningsmidlar, og det er inngått avtale med regjeringa om støtte på 285 millionar kroner over fire år. Samferdselsdepartementet stadfester at den følgjer planen med 80 millionar i 2010. Grunnen til at Kristiansand kom så godt ut i belønningsordninga, er eit breitt politisk fleirtal bak kollektivsatsinga i Kristiansand og i Vest-Agder. Også høgreordføraren i Kristiansand har gått aktivt inn for denne satsinga. Derfor er det underleg at Gitmark er meir opptatt av å angripe SV og regjeringa på sviktande grunnlag, enn av å støtte opp om denne viktige satsinga.

Bakgrunnen for min kommentar til Fædrelansvennen er at vi må begynne å tenkje på kav som skal skje når avtalen mellom regjeringa og Kristiansand og Vest-Agder går ut i 2012. Sjølv om regjeringa aukar løyvingane nasjonalt, kan konkurransen om midlane bli hard. Skal vi nå fram, må regionen vise resultat av dagens satsing og stå samla bak ei ny prioritering. Dette trudde eg faktisk det var brei semje om, også i Gitmark sitt parti.

Det er ikkje første gangen Gitmark angrip utan å sjekke fakta. Du finn eit anna eksempel her.

Alf