Tag Archives: klimameldimg

Ny E39 aukar klimautsleppa

Foto: Lars Verket

Nyleg kom det ein rapport som analyserer klimakonsekvensane av dei tiltaka som er foreslått i Nasjonal transportplan (NTP) for neste periode. Rapporten er utarbeidd på oppdrag av Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet, og konklusjonen er klar. Utbygging av store vegprosjekt som gir auka trafikkarbeid, vil gi auka utslepp av klimagassar, medan utbygging av jernbaneprosjekt gir utslippsreduksjon som følgje av flytting av trafikk frå veg til bane. Rapporten viser også at den samla utbygginga som er foreslått i NTP, ikkje er i samsvar med våre nasjonale klimamål. 

Naturvernforbundet har i fleire innlegg dokumentert at utbygginga av E39 fører til enorme naturinngrep. Det blir svære sår i verdifull natur, og uerstatteleg biologisk mangfald går tapt. Dyrka mark, verdifull myr og attraktivt turterreng blir valsa ned og lagt under asfalt.  Dei som har køyrt mellom Kristiansand og Mandal i det siste, kan ikkje ha unngått å sjå kva som skjer. Det kan vi gjere lite med no. Men lenger vest der trafikken er mindre, er det enno von om at det kan bli tatt større omsyn til natur og klima.

Når Naturvernforbundet protesterer mot vegprosjekt som raserer naturen, blir vi gjerne møtt med at redusert køyretid vil føre til reduserte klimautslepp. Men den nye rapporten som regjeringa har bestilt, viser at det ikkje er tilfelle. Anleggsarbeid og rasering av natur fører til store klimautslepp. I tillegg vil effekten av auka trafikk i fleire tiår føre til større utslepp av klimagassar. Meir trafikk fører også til meir bruk av ressursar og fornybar energi som er ein knapp ressurs.

Eit av prosjekta på E39 Kristiansand – Stavanger som er omtalt i rapporten, er den 13 km lange strekninga frå Ålgård i Gjesdal til Hove i Sandnes. Dei direkte og indirekte utsleppa frå dette byggeprosjektet svarar til 34 tusen tonn CO2. Til samanlikning utgjer ein flytur frå Oslo til New York litt over eit tonn CO2. I tillegg vil nedbygging av natur føre til utslepp som svarar til 16 tusen tonn CO2. Auken i dei årlege utsleppa frå trafikk og vedlikehald vil bli over tusen tonn CO2-ekvivalentar.

Lokale media med Fædrelandsvennen i spissen har hatt mange titals oppslag om utbygginga av E39. Men det er praktisk talt berre dei positive sidene som blir løfta fram. Dei voldsame naturinngrepa som raserer naturmangfaldet og aukar klimautsleppa, blir ikkje omtalt. Dette er spesielt uheldig i ei tid det FN åtvarar sterkt både mot klimakrise og krise for biologisk mangfald. La oss vone at denne rapporten om klimaeffektar av vegbygging kan bidra til at vi får ein meir balansert debatt når vi skal diskutere dei delane av E39 som står att.

Alf Holmelid

Innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 15. Januar