Tag Archives: Marx

Kan fornybarindustrien presse fram berekraftig metallutvinning?

Industrisamfunnet er ikkje nokon søndagsskole. Framveksten av industriarbeidarklassen inspirerte Marx til å utvikle sine teoriar om utbytting. Ein del av utbyttinga som er mindre omtalt, er rovdrifta på begrensa naturressursar og på den lokale arbeidskrafta som har gravd minerala fram i dagen. 

Mineral til industrien og til vårt daglege forbruk har blitt henta ut med liv og helse som innsats, ofte i fattige land i Afrika. Kynisk utnytting av barnearbeidarar har vore ein del av dette biletet. Gruveindustrien er kjent for å tiltrekke seg useriøse aktørar som allierer seg med korrupte styresmakter. Diverre har  rike land som drar nytte av denne utbyttinga, hatt lite fokus på problemet. 

I samband med framveksten av fornybarindustrien har dei uverdige forholda i deler av gruveindustrien blitt dratt fram i lyset. Vi ser stadig avsløringar om kritikkverdige forhold i utvinning av mineral som fornybarindustrien treng.Det er lett å tenkje at det er urettferdig å angripe fornybarindustrien for noko anna industri slepp unna med. Men vi som er opptatt av fornybarindustrien, bør heller sjå positivt på denne utfordringa. 

Med den fornya folkelege interessen for useriøs gruvedrift kan det bli mogeleg å presse industrien til å stille seriøsitetskrav til sine underleverandørar. Vi kan presse fram krav til resirkulering og berekraftig gruvedrift. Om fornybarindustrien som no er i fokus, går i front, så kan det bli eit viktig løft for forholda i land som leverer råvarer til all industri.