Dei siste dagane har vi fått innsikt i ein del av overvakingsindustrien i USA. Dei fleste avisene med respekt for seg sjølv har referert sentrale funn frå det utmerka gravearbeidet til Washington Post. Avisa ha brukt to år på å kartlegge kva som har skjedd med etterretningsarbeidet i USA etter 1. september. Og resultata vekkjer uro langt ut over radikale kretsar.
Ikkje nok med at overvakingsindustrien har ekspandert slik at dei politiske leiarane vedgår å ha mista kontrollen. Washington Post har også dokumentert at private aktørar har fått ei stadig større rolle i dette spelet. No er også tryggleiken på tilbod. Dei private aktørane vil ha sin del av skattepengane som går til overvaking og kamp mot terror. Dei sit laust etter 11. september.
Mange kommentatorar har fokusert på at dette er sløsing med offentlege midlar. Men kva med dei politiske konsekvensane? Kva kan dei ulike aktørane som knapt nokon har oversikt over, finne på for å behalde sugerøyret i statskassa? Kan vi stole på at den informasjonen vi får, har som formål å skape ei tryggare verd, eller kan det vere nokon i dette spelet som kan falle for freistinga til å legge vekt på kva som sikrar deira eigne finansar? Kan vi risikere at nokon bli freista til desinformasjon og til om med til provokasjon for å behalde status og rause kontraktar.
Det er naivt å tru at det ikkje finst element i dette massive apparatet som er interessert i å oppretthalde behovet for eigne tenester i staden for å gjere seg sjølv overflødig. Det skjer i svært mang andre organisasjonar. Kvifor skulle det ikkje skje i ein organisasjon som er praktisk talt utan kontroll frå media? I dagens kommersielle medieverd er det få om nokon som kan koste på seg graving av det omfang og den kvalitet som Washington Post ha vist.
Jo større og meir uoversiktleg etterretningstenestene blir, og jo strammare økonomi media får, jo større er sjansen for at overvakingsindustrien kan utvikle sin eigen agenda. Vi har mange eksempel på at overvakingstenestene i USA har operert utafor politisk kontroll. På bakgrunn av det Washington Post har avslørt, kan det synast som denne bransjen i dag er større og meir ukontrollerte enn tidlegare. Korleis skal vi unngå å utvikle etterretningstenester som fører til meir etterretning og mindre tryggleik og demokrati? Klarer media å vidareføre arbeidet til Washington Post slik at vi unngår overvaking som genererer meir behov for overvaking?
Alf