Tag Archives: skatt

Opposisjonen mot høgre

Landsmøtet til FrP har plassert partiet tilbake i tradisjonen til Anders Lange. Som vanleg dreg dei fram innvandrarkortet og skattekortet når det går dårleg på meiningsmålingane.

Samarbeidspartnaren Høgre har det siste året prøvd å dempe blåfargen med ny velferdsretorikk, sjølv om politikken er uendra. Erna Solberg og hennar kumpanar unngår debatt om sentrale høgresaker som privatisering av skolen, skattelette for dei rike og svekka arbeidstakarrettar. Dei snakkar minst mogeleg om den ideologien som skapte finanskrisa og prøver seg med varm omtale av eit velferdssamfunn som dei motarbeidar med si marknadsfundamentalisme.

Med den klare høgremarkeringa på landsmøtet til FrP, er det ikkje tvil om at eit eventuelt borgarleg styre vil føre til ei dramatisk høgredreiing av norsk politikk. Velferdsglasuren som Erna Solberg har lagt inn i sin retorikk, vil raskt slå sprekkar når realitetane kjem på bordet og FrP skal få sitt.

Det skal bli interessant å sjå om KrF og Venstre etter dette framleis er opptatt av å kjempe for eit maktskifte som gir FrP reell makt over norsk politikk. I saka om karakterar i barneskolen i Kristiansand har vi sett at desse partia deler seg når FrP kjem med sine utspel.

Alf

Mest bustøtte til dei rikaste?

Fædrelandsvennen hadde for nokre dagar sidan ein artikkel om buspareordning for ungdom, BSU. Denne ordninga gir i dag ungdom under 34 år høve til å spare inntil 150.000 kroner, med frådrag i skatten på 20 prosent av den sparte summen. På denne måten får ungdom eit insentiv til å spare til bustad. Men det er ikkje gitt at ei utviding av denne ordninga er den beste måten å hjelpe dei ungdommane som treng det mest. Alt i dag ser vi at ordninga blir mest brukt av dei med høgast inntekt og formue. Dersom vi fjernar maksimumsgrensa, vil det bli ei endå sterkare prioritering av dei ungdommane som tener mest. Er målet å gjere det lettare for unge å komme inn på bustadmarknaden, bør ein satse på tiltak som også hjelper dei med dårleg og middels økonomi. Det må byggast bustader og utviklast låneordningar som ungdom med moderate inntekter kan ha råd til. Her som i mange andre tilfelle, er skattelette eit tiltak som dei rikaste har størst glede av.

Alf

Kva meiner Åse Michalsen og Peter Gitmark om velferdskutt og «Ine Marie-medalje»

Unge Høgre og FPU har lansert ei liste over kva ei H/FrP-regjering bør prioritere. Den inneheld ei rekke angrep på dagens velferdsordningar. Unge Høgre og FPU vil kutte i sjukelønsordninga og arbeidsløysetrygda. Dei vil også gjere det vanskelegare å få uføretrygd. Ungdomsorganisasjonane til høgrepartia vil redusere trygdeytingane med ein tredel i løpet av stortingsperioden. Dei vil også auke eigenandelane på offentlege ytingar. Det er tydeleg at svake grupper skal betale for milliardar i skattelette til dei rikaste her i landet.

Samtidig har Ine Marie Eriksen Søreide lansert ideen om å dele ut medaljar til dei flinkaste i første klasse i grunnskolen.

Lurer på kva Åse Michalsen og Peter Gitmark som planlegg felles regjering etter valet, meiner om desse utspela. Lurer også på kva Dagrunn Eriksen og Anne Margrethe Larsen meiner. Blir det borgarleg fleirtal ved valet, er dei jo med på å legge grunnlaget for ei H/FrP-regjering.