For nokre veker sidan gjekk det ein debatt i Fædrelandsvennen om sal av Agder Energi. Enkelte prøvde å rettferdiggjere salet. Men det blei etter kvart grundig dokumentert at Kristiansand kommune og andre kommunar har tapt milliardbeløp på salet.
No ser vi konsekvensane av ei anna feilvurdering som blei gjort samtidig. Sentrale personar i den politiske og administrative leiinga i Kristiansand kommune stolte ikkje på demokratiet. Dei hadde lite tiltru til at dei folkevalde evna å ta det overordna ansvaret for slike milliardbeløp. Derfor blei Cultiva oppretta, og stiftelsen fekk overført salssummen.
Vi i SV gjekk i mot å etablere ein stiftelse for dette formålet. Å overføre midlane til ein stiftelse var det same som å sette demokratiet på sidelinja i ei av dei største sakene i Kristiansand kommune si historie. Vårt alternativ var å etablere eit fond med føringar for korleis det skulle forvaltast og korleis overskotet kunne disponerast. Vi ønska at bystyret skulle ha det overordna ansvaret, og vi ville ha valde fagpersonar til å fordele overskotet til kulturformål.
Dersom denne modellen hadde blitt vald, kunne vi unngått den situasjonen som no har oppstått med underkjenning av lånet til kulturhuset Kilden.
Alf