Fædrelandsvennen kommenterer på leiarplass nye tal som viser at det er ein viss auke i talet på elevar ved privatskolar. Avisa meiner dette viser at regjeringa ikkje følgjer opp målsetninga om å avgrense talet på private skolar. Då kan det vere grunn til å minne om at den borgarlege regjeringa med Kristin Clemet i spissen var i gang med ei storstilt privatisering og kommersialisering av den offentlege skolen då dei miste makta.
Så snart den raudgrøne regjeringa overtok, blei det sett ein stoppar for denne privatiseringsbølgja til kraftige protestar frå Høgre og dei kommersielle interessene. Men protestane stilna. Høgre har heilt slutta å argumentere offentleg for den privatiseringa som dei la opp til då dei hadde makta. Og det er ikkje så rart. For den storstilte ideologiske privatiseringa som den borgarlege regjeringa i Sverige har stått for, kan knapt kallast nokon suksess. Spørsmålet er kva Høgre gjer om dei skulle få makt på nytt.
Leiarskribenten meiner også at det er regjeringa si skuld at enkelte kommunar legg ned skolar som så blir vidareført i privat regi. Men når regjeringa har auka overføringane til kommunane langt meir enn tidlegare regjeringar, må vel kommunane vere med på å ta litt av ansvaret for sine prioriteringar.
Alf