Nest best i Europa

elektronikkDette innlegget stor på trykk i Fædrelandsvennen onsdag 6. februar.

Gründer og skipsreiar Andreas Ugland har uttrykt frustrasjon over at politikarane er lite flinke til å legge til rette for næringslivet. Valerie Kubens peikar på det same i sin laurdagskommentar. Det er mangt som kan bli betre på dette området. Og eg skal ikkje vere den første til å forsvare dei blåblå politikarane som har makta på Sørlandet. Men vi må ikkje gløyme det store biletet. Det viser at Noreg er eit godt land å drive næringsaktivitet i. 

I møte med representantar for næringslivet har eg fått mange eksempel på byråkratisk og tungrodd kommunikasjon med offentlege etatar. Ikkje minst rapporteringskrava er omfattande. Det er mykje som kan leggast betre til rette for næringslivet på dette og andre område. Men mykje er også bra dersom vi ser det i forhold til andre land. Verdsbanken har rangert Noreg som det sjette beste landet å drive næring i, og det nest beste i Europa. 

Det er mange grunnar til dette. Noreg har eit stabilt politisk system. Vi har eit velutvikla rettsvesen og eit effektivt skattesystem. Vidare har vi eit tillitsfullt trepartssamarbeid som reduserer konfliktnivået i arbeidslivet, og vi fører ein ansvarleg økonomisk politikk som medverkar til ein stabil kronekurs. Dette er viktige kvalitetar ved det norske samfunnet, og det gir stabile rammevilkår for næringslivet. 

Norsk industri og næringsliv har utmerka seg med stor omstillingsevne. Ein av grunnane til det er at vi har eit velutvikla velferdssystem og ein sterk offentleg sektor. Her i landet tar fellesskapet og trygdesystemet ein del av dei kostnadene som bedriftene må ta ansvar for i andre land. Eit effektivt velferdssystem som kan støtte opp om arbeidslivet, er avhengig at eit effektivt og rettferdig skattesystem. 

Ei offensiv miljøsatsing har også vore med påå fremme nødvendig omstilling og teknologiutvikling. Noreg var tidleg ute med strenge miljøkrav. Dei blei kombinert med støtteordningar og eit godt samarbeid mellom bedriftene og styresmaktene. Det førte til at norske bedrifter var tidleg ute med ny miljøvennleg og energieffektiv teknologi. Kjell O. Johannessen i NODE er ein av dei som har peika på dette i eit intervju i Fædrelandsvennen. 

Sist men ikkje minst er næringslivet avhengig av kompetanse. Eit utdanningssystem som legg vekt både på kunnskap og på evna til å bruke denne kunnskapen i samarbeid med andre, er avgjerande for næringslivet. Norsk næringsliv har lagt vekt påå ha god kompetanse på alle nivå i organisasjonen. Derfor blir det no satsa offensivt påå styrke både den yrkesfaglege utdanninga og akademiske utdanningar. 

Norsk næringsliv står overfor store utfordringar. Marknader i Europa sviktar, og den internasjonale konkurransen hardnar til. Det er også eit sterkt press i norsk økonomi på grunn av den omfattande oljeaktiviteten. Vi må jobbe kontinuerleg for å styrke vår kompetanse, innovasjonsevne og konkurransekraft for å møte desse utfordringane. Skal vi klare det, må vi ta utfordringa frå Andreas Ugland på alvor. Men vi må også ta utgangspunkt i våre sterke sider og ikkje svartmale situasjonen.

 Alf

1 responses to “Nest best i Europa

  1. «Vi må jobbe kontinuerleg for å styrke vår kompetanse, innovasjonsevne og konkurransekraft for å møte desse utfordringane. «.
    Men – det du hører er at det er for mye rapportering og tungrodd byråkrati.
    Hvorfor ikke sette det øverst? Eller i det minste ta det med?

    Likar

Kommenter innlegget