Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 23. mars, og vi ser spent fram til svaret.
Alle partia på Stortinget med unntak av Frp står bak klimaforliket. Der blir det understreka at trafikkveksten i dei store byregionane skal løysast med kollektivtransport og gang og sykkel.
For ei tid sidan presenterte Fædrelandsvennen ein rapport frå Urbanet Analyse. Den dokumenterte at Kristiansandsregionen har for lite ambisiøse planar til å nå dette målet. Biltrafikken i vår region vil auke med 33 prosent fram til 2030 dersom vi held fram som no.
Då rapporten blei kjent, utfordra eg dei politikarane som sit med makta i Kristiansand og i Vest-Agder, til å ta rapporten og klimaforliket på alvor. Eg bad dei svare på korleis dei vil innfri lovnadene som partikollegane på Stortinget har skrive under på. Men som venta prøvde dei lokale høgreordførarane å skyve i frå seg ansvaret ved å etterlyse meir midlar frå regjeringa.
No har miljøvernministeren og regjeringa presentert ei historisk satsing på kollektivtransport. I Nasjonal transportplan vil det bli lagt inn 26 milliardar kroner til kollektivtransport. I tillegg løyver regjeringa nær 7 milliardar til bygging av nye sykkelvegar. Storbyregionane vil bli invitert til å søkje på desse midlane ved å presentere offensive planer for miljøvennleg transport. Det vil bli lagt opp til at regjeringa kan inngå langsiktige bymiljøavtaler med ti års perspektiv. På denne måten kan kollektivsatsinga bli like langsiktig som vegsatsinga i transportplanen.
På denne bakgrunn vil eg utfordre ordførar Arvid Grundekjøn og fylkesordførar Terje Damman til å satse på miljøvennleg transport i samsvar med det Høgre har lova i klimaforliket. SV og regjeringa har lagt forholda til rette for eit kraftig kollektivløft med eit busstilbod av høg kvalitet og med høg frekvens. No ligg ballen hos dei som har makta lokalt. Kan vi vente at høgreordførarane tar ansvaret for at det blir utvikla planer som sikrar at regionen får midlar til ei skikkeleg kollektivsatsing og klimasatsing?
Alf