Tag Archives: miljøby

Miljøjubileum i ettertankens teikn

Buss_c3I år er det 25 år sidan Kristiansand kommune lanserte sitt første miljøbyprosjekt, og ordføraren har invitert klimaministren til å kaste glans over markeringa. Det er vel og bra. Men det er ingen grunn til å kvile på det som måtte finnast av laurbær. Når vi har lagt nye 25 år bak oss, er det mindre enn ti år til 2050 då Noreg skal vere klimanøytralt. Vi bør bruke jubileet til å gjere opp status og sjå framover. Har vi stelt oss slik at vi vil klarer å nå klimamåla i 2050 og samtidig ta vare på dei tradisjonelle naturverdiane våre?

Dei første miljøbyprosjekta i Kristiansand konsentrerte seg om å gjere byen trivlegare ved å ruste opp gater, byrom og grøntareal. Store løft som reinsing av Otra og utvikling av skjærgårdsparken stod også på kartet. Men etter kvart fekk arealbruk og transport ein sentral plass i miljøbyprogrammet. På dette området har ulike interesser stått i mot kvarandre, og vi slit med dei same utfordringane i dag som for 25 år sidan.

Tidleg på nittitalet var Kristiansand ein av ti byar som la planar for meir miljøvennleg transport. Politikarane kom etter kvart fram til eit resultat som kombinerte oppgradering av vegnettet med satsing på kollektivtransport. Men det gjekk ikkje heilt etter planen. Nokre år seinare gjennomførte Transportøkonomisk institutt ei vurdering av resultatet. Forskarane konkluderte med at det var sterk ubalanse i realiseringa av planane. Dei planlagde vegane blei bygde, men den planlagde kollektivsatsinga blei berre delvis realisert.

I dag er Kristiansand i same situasjon som for 25 år sidan. Bilismen og klimautsleppa aukar, og vi står midt oppe i arbeidet med å planlegge tiltak som kan snu utviklinga. Som for 25 år sidan blir det lagt planar for oppgradering av vegnettet kombinert med satsing på kollektivtransport. I siste sving har politikarane frå venstresida fått pressa igjennom at kollektivsatsinga må styrkast. Men det store spørsmålet er om vi har lært noko av vår nære miljøhistorie. Klarar vi å hindre at vi får det same resultatet som sist – meir veg og underfinansiert kollektivtransport?

Kollektivaksen har etter kvart blitt eit sentralt element i arealplanane i Kristiansand. Nye utbyggingsområde skal ligge langs busstraseane for å legge til rette for god kollektivdekning. I ein relativt liten by som Kristiansand er det heilt nødvendig dersom vi skal klare å gi eit akseptabelt kollektivtilbod. Men det viser seg stadig at arealplanen må vike når andre omsyn pressar på. Det er nok å nemne vedtaket om å etablere ein ny bilbasert bydel ved Hamrevann i strid med alle faglege råd. Bystyret har tydeleg vis ikkje tatt inn over seg at det er mindre enn trettifem år til vi skal vere eit nullutsleppssamfunn.

Derimot ser det ut til at deler av næringslivet er på offensiven i arbeidet for miljø og klima. På åtti- og nittitalet dreiv Bellona geriljakamp mot utslepp av miljøskadelege stoff, og mange økonomar og andre forståsegpåarar ønska prosessindustrien dit peparen gror. Men industrien tok signala frå miljørørsla og styresmaktene og utvikla meir miljøvenleg og effektiv teknologi. No er vi inne i ein ny fase der industrien kan bli eit viktig element i omstillinga til nullutsleppssamfunnet.

Det var nok mange som trakk på smilebandet då eg på nittitalet skreiv kronikk om at miljøteknologi kunne bli redninga for industrien på Sørlandet. Men i dag, 25 år etter, er det i ferd med å skje. Satsinga på miljø og berekraftig industriproduksjon er dokumentert gjennom fleire artiklar i Fædrelandsvennen. Mange bransjar har nyleg lagt fram vegkart for nullutslepp og grøn konkurransekraft, og sørlandsindustrien har stått sentralt i dette arbeidet.

I motsetning til det mange trur, så er Sørlandet ein industri- og teknologiregion. Olje- og gassektoren har vore dominerande eit par tiår, men no ser vi ei endring. Vi har ein prosessindustri som vil bli verdsleiande på berekraftig produksjon, vi har ein høgteknologisk leverandørindustri som satsar på nye marknader, og vi har gründerbedrifter med idear for nullutsleppssamfunnet. Sørlandet kan bli den grøne regionen på same måten som Rogaland blei oljeregionen. Men det krev politisk engasjement slik Rogaland hadde då dei tok posisjonen som oljeregionen. Det nyttar ikkje med halvhjarta innsats slik vi har sett i miljøarbeidet så langt.

Skal vi bli den grøne regionen, må det gjennomsyre arbeidet på mange område. Utdanningssystemet på alle nivå må bidra til å bygge relevant kompetanse, og Universitetet i Agder må ta ei førande rolle. Næringsklyngene i regionen er viktige drivkrefter for utvikling. Men er dei rigga for å møte dei nye utfordringane? Kanskje treng vi nye strukturar på tvers av tradisjonelle bransjar og funksjonar. Og sist men ikkje minst så må politikarane skikke sitt hus og vere med på å bygge omdømme som ein grøn region. Det nyttar ikkje med ein grå areal- og transportpolitikk i hovudstaden for ein grøn teknologiregion.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen 30.11.2016

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utfordring til Grundetjøn og Damman

Buss_c3Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 23. mars, og vi ser spent fram til svaret.

Alle partia på Stortinget med unntak av Frp står bak klimaforliket. Der blir det understreka at trafikkveksten i dei store byregionane skal løysast med kollektivtransport og gang og sykkel.

For ei tid sidan presenterte Fædrelandsvennen ein rapport frå Urbanet Analyse. Den dokumenterte at Kristiansandsregionen har for lite ambisiøse planar til å nå dette målet. Biltrafikken i vår region vil auke med 33 prosent fram til 2030 dersom vi held fram som no.

 Då rapporten blei kjent, utfordra eg dei politikarane som sit med makta i Kristiansand og i Vest-Agder, til å ta rapporten og klimaforliket på alvor.  Eg bad dei svare på korleis dei vil innfri lovnadene som partikollegane på Stortinget har skrive under på. Men som venta prøvde dei lokale høgreordførarane å skyve i frå seg ansvaret ved å etterlyse meir midlar frå regjeringa.

 No har miljøvernministeren og regjeringa presentert ei historisk satsing på kollektivtransport. I Nasjonal transportplan vil det bli lagt inn 26 milliardar kroner til kollektivtransport.  I tillegg løyver regjeringa nær 7 milliardar til bygging av nye sykkelvegar. Storbyregionane vil bli invitert til å søkje på desse midlane ved å presentere offensive planer for miljøvennleg transport. Det vil bli lagt opp til at regjeringa kan inngå langsiktige bymiljøavtaler med ti års perspektiv. På denne måten kan kollektivsatsinga bli like langsiktig som vegsatsinga i transportplanen.

 På denne bakgrunn vil eg utfordre ordførar Arvid Grundekjøn og fylkesordførar Terje Damman til å satse på miljøvennleg transport i samsvar med det Høgre har lova i klimaforliket. SV og regjeringa har lagt forholda til rette for eit kraftig kollektivløft med eit busstilbod av høg kvalitet og med høg frekvens. No ligg ballen hos dei som har makta lokalt. Kan vi vente at høgreordførarane tar ansvaret for at det blir utvikla planer som sikrar at regionen får midlar til ei skikkeleg kollektivsatsing og klimasatsing?

Alf