Skal Noreg få ned klimagassutsleppa, er det heilt nødvendig å redusere utsleppa frå transportsektoren. Derfor kjempa SV for og fekk gjennomslag for ei kraftig satsing på kollektivtransport i Nasjonal transportplan. Eg har også utfordra Kristiansand og Vest-Agder til å lage ein offensiv plan for å få sin del av dei nasjonale midlane som skal gå til dette formålet.
Sist veke blei det kjent at Kristiansandsregionen får 285 millionar kroner til kollektivtransport. Då skulle vi kanskje tru at det var eit godt utgangspunkt for ein debatt om kollektivtransport og klimapolitikk. Men så vel var det ikkje. Enkelte politikarar som tydeleg vis ikkje er så opptatt av kollektivtransport, såg seg best tent med å skape ein debatt om korleis pengane var tildelt.
Klimaet og kollektivtransporten fortener betre. SV vil kjempe for å få debatten tilbake på sporet og skape eit sterkare engasjement kring kollektivtransport og klimapolitikk:
Vi oppfordrar fylleskommunen og dei aktuelle kommunane til å arrangere eit opent møte med informasjon om planar for kollektivtransporten i Kristiansandsregionen, samt korleis utviklinga er når det gjeld trafikkvekst og klimautslepp i regionen
Vi oppfordrar dei same aktørane til å starte arbeidet med ein langsiktig kollektivplan for heile transportplanperioden på 8 år.
Alf