Første mai – tale for dagen i Florø

imageDette er manuskriptet til talen, men den blei ikkje framført heilt i samsvar med manus.

Kameratar – Gratulere med dagen

Første mai er ein dag for feiring og for mobilisering til kamp.

Fagbevegelsen og arbeidarbevegelsen har grunn til å feire det vi har oppnådd. Fagbevegelsen har stått i fremste rekke i kampen for eit ordna arbeidsliv og ein moderne velferdsstat. Vi har skapt den norske samfunnsmodellen som mange ønskjer å kopiere. Det kan vi vere stolte av. Men det er mørke skyer i horisonten, og vi har nye kampar å kjempe.
————————————-

Store deler av Europa slit med økonomiske problem. Forskjellane aukar og arbeidsløysa er faretruande stor. Vi høyrer ikkje lenger så mykje om finanskrisa. Etter at politikarane redda bankane med skattepengane våre, har det blitt stille. Men folk flest, og spesielt dei unge, må betale prisen. I Spania er over halvparten av dei unge utan arbeid. Vi er i ferd med å få eit sterkt klassedelt og konfliktfylt Europa, og ein heil ungdomsgenerasjon kan falle ut av arbeidslivet.

Historia har vist at ein sterk fagbevegelse er den beste garantien for arbeid til alle, for moderate forskjellar og for gode velferdsordningar. Men fagbevegelsen og dei faglege rettane er under press. I EU ser vi at fagbevegelsen blir pressa frå skanse til skanse. EU-domstolen har vengestekka fagbevegelsen i EU. I sak etter sak prioritert domstolen marknadsliberalisme og fri konkurranse framfor faglige rettar. Då er det ikkje rart at arbeidsløysa og forskjellane aukar.

I Norge har vi så langt klart oss betre. Vi er det landet i Europa som har dei minste økonomiske forskjellane. Men det har ikkje komme av seg sjølv. Det er lett å gløyme at fordelingspolitikken er resultat av fagleg og politisk kamp. Med SV i regjering har vi redusert dei økonomiske forskjellane.
Og den raudgrøne regjeringa har stått vakt om dei faglege rettane og tatt opp kampen mot sosial dumping.
——————————–

Men no er det nye blåblå tider med skattelette til dei rike og mindre pengar til velferd. Fellesskap og solidaritet skal bytast ut med privatisering og pengemakt. Kommunale tenester skal overlatast til globale velferdskonsern. Skattepengane som skal bygge velferdssamfunnet, kan hamne i skatteparadis. NHO driv ein offensive kamp for å sikre at private konserna skal få sugerøyr i kommunekassa, og dei fire regjeringspartia legg seg flate for privatiseringsideologien.

Dette må vi møte med ein offensiv kamp for ein sterk offentleg sektor. Vi må slutte med detaljstyring og byråkrati og gi folk i offentleg sektor tillit og ansvar. Tillit er både betre og billigare enn kontroll
——————————————————————————–

Noko av det finaste med den norske velferdsmodellen, er den offentlege fellesskolen. Her møtest alle utan omsyn til status, økonomi eller religion. Fellesskolen legg grunnlaget for eit samfunn med tillit mellom folk. Mange bedriftsleiarar som eg har snakkar med, skryt av den norske fellesskolen. Den skaper sjølvstendige og ansvarsfulle arbeidarar som har evne til å samarbeide på tvers av organisasjonen. Sist Høgre hadde regjeringsmakt, var dei godt i gang med å rive ned dette byggverket. Kristin Clemet opna for storstilt privatisering av fellesskolen. Det blei heldig vis stoppa då Djupedal tok over Kunnskapsdepartementet. Men no legg den blåblå regjeringa på nytt opp til storstilt privatisering. Dei yppar til strid om fellesverdiane. Den kampen skal vi ta og den må vi vinne.

Kommunenes sentralforbund har også erklært krig mot fellesskolen. Lærarane skal ha meir arbeidstid når elevane har ferie, og mindre arbeidstid når elevane er på skolen. Dette er eit sparetiltak som harmonerer dårleg med Erna Solberg sine lovnader om å satse på læraren. Det er eit alvorleg angrep på fellesskolen, men det er også eit utspekulert angrep på forhandlingsretten. Ein samla fagbevegelse står bak lærarane i denne kampen, og den skal vi vinne. Det fortener fellesskolen.
————————————–
Eg har jobba i industrien i mesteparten av mitt liv. Samtidig har eg vore engasjert i arbeid for miljø og klima i ulike miljøorganisasjonar. Det har lært meg at god miljøpolitikk er god næringspolitikk. Då eg jobba i smelteverkssindustrenn på åttitalet, fekk denne industrien nye miljøkrav. Protestane var mange, men krava kom, og det pressa fram ny teknologi som var både meir effektiv og meir miljøvennleg. Mange meiner vi knapt hadde hatt ein prosessindustri i dag utan dei offensive miljøkrava som utløyste ny teknologi.
————————————————

I dag er gruveindustrien i same situasjon som prosessindustrien var for tretti år sidan. Skal gruveindustrien ha ei framtid her i landet, så må den finne seg i å ta omsyn til miljø og til andre næringar. Det er heilt uakseptabelt å fylle opp sårbare fjordar med tusentals tonn med avfall som vi veit for lite om. Det kan få store konsekvensar for det marine miljøet, for fiskeressursane, for andre marine ressursar og for oppdrettsnæringa.
Her i distriktet står kampen om Førdefjorden. Å dumpe 6 millionar tonn gruveavgang i fjorden er å spele hasard med miljøet. Ein del av dette er nanopartiklar som vi ikkje kjenner effekten av. Då eg sat i næringskomiteen på Stortinget kjempa eg ein einsam kamp mot sjødeponi. Det er derfor hyggeleg å sjå at kampen mot sjødeponi i Førdefjorden er ein del av parolegrunnlaget her i dag. Den kampen skal vi fortsette, og den skal vi vinne.
————————————————

Klimatrusselen er ein av dei store utfordringane i vår tid. Den ferske rapporten frå klimapanelet i FN viser at vi har svært dårleg tid på oss. Vi må handle no dersom vi skal unngå dramatiske konsekvensar for menneske og for miljø. Ventar vi, så blir problema endå større for våre barn og barnebarn. Klimakampen er også ein solidaritetskamp. Vi veit at det er dei fattige landa som blir hardast ramma av ekstremver, av tørke og av auka havnivå. Som rik oljenasjon med store klimautslepp så har vi eit spesielt ansvar for å snu utviklinga. Olja har gitt oss eit enormt oljefond som vi investerer over heile verda. Dette er eit kraftig verktøy som vi må bruke i klimakampen. Oljefondet må ut av fossil energi og inn i fornybare alternativ.

LO jobbar no med å utarbeide ein ny klimapolitisk handlingsplan. Vi må kjempe for at den blir offensiv med krav om miljøvennleg transport, redusert oljeutvinning og støtte til miljøvennleg omstilling i industrien.
Skal vi vinne klimakampen, må fagbevegelsen vere ein av pådrivarane for klimavennleg omstilling. Vi må få ein allianse mellom miljøbevegelsen og fagbevegelsen. Kombinasjonen mellom den raude og den grøne tradisjonen kan gi det nødvendige løftet for klimakampen.
————————

1. mai er ein internasjonale kampdag for solidaritet over landegrenser.

Norsk fagbevegelse har i lang tid engasjert seg i palestinarane sin kamp. LO-kongressen kravde at Israel må avslutte den ulovlege okkupasjonen av palestinske område. Den ulovlege muren, dei ulovlege busetnadene og den stadige trakkaseringa av palestinarane er heilt uakseptabel. Stadig nye ulovlege busetnadene blokkerer også alle forsøk på fred. LO krev at Palestina må få fullverdig status i FN og bli anerkjent som sjølvstendig stat innafor grensene av 1967.

I Syria er vi no vitne til ei humanitær katastrofe og ein av de verste krigane i nyare tid. Over 140.000 menneske skal være drepne, og fleire millionar er drivne på flukt. Barna blir hardast ramma. Stadig fleire menneske døyr av svolt, og store folkemengder flyktar til nabolanda. Dette er ein heilt ekstrem situasjon. Norge er eit rikt land, og vi må ta del i den internasjonale dugnaden for å ta i mot flyktningane. Den blåblå regjeringa skyggar unna ansvaret og vil berre ta i mot tusen syriske flyktningar. Det er altfor lite. Vi må krevje at Stortinget vedtar å ta i mot fem tusen.
———————

Stormakter bryt ofte folkeretten. Sist var det Russland som braut folkeretten då dei gjekk inn på Krimhalvøya i Ukraina. Norge må alltid stå opp for folkeretten og protestere når den blir brutt, uavhengig av kven som står bak. Men protestane til våre allierte i Nato er ikkje alltid like truverdige. Dei har gjennomført for mange invasjonar og støtta for mange diktatorar . Resultatet er at folkeretten får mindre autoritet. Vi må stå fast på prinsippa og fordømme alle brot på folkeretten.

Økonomisk utbytting skaper ikkje alltid dei store overskriftene, men det har dramatiske konsekvensar for dei som blir ramma. Vi ser stadig at globale konsern haustar naturressursar og utnyttar arbeidarane i fattige land. Samtidig blir dei fattige landa snytt for skatteinntekter som svarar til mange gonger det vi gir i utviklingshjelp. Noreg har bygd sin rikdom på å skattlegge uttak av naturressursar. Utviklingslanda må få gjere det same. Vi må krevje langt betre kontrol for å sikre at utviklingslanda får den skatten dei har krav på. Skattunndraging skaper eit usunnt arbeidsliv som alle taper på. Derfor må vi bekjempe skatteundraging og bruk av skatteparadis.

Kampen for anstendige arbeidsforhold og kampen mot skatteparadis er ulik frå land til land, men kjernen er den same. Vi kjempar ein solidarisk kamp for fridom og for rettferdig fordeling av godene. Derfor står vi saman i fagleg kamp på tvers av landegrensene.

No er vi inne i ein periode der hørekreftene styrkjer seg både her i landet og i resten av Europa. Derfor er 1. mai viktigare enn på lenge.

Ha ein fortsatt fin første mai-dag.

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s