Denne kronikken står på trykk i Klassekampen i dag.
Fagbevegelsen har den medlemsmassen som miljøbevegelsen manglar, og miljøbevegelsen har perspektiv som fagbevegelsen treng. Skal vi få fart på klimapolitikken her i landet, treng vi ein sterk allianse mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen. Miljøpolitikken må ha brei folkeleg forankring dersom den skal få gjennomslag, og fordelingspolitikken må ha eit klimaperspektiv for å vere truverdig i våre dagar. Fagbevegelsen og miljøbevegelsen er gjensidig avhengig av kvarandre for å nå sine mål.
Norske miljøorganisasjonar har hatt gjennomslag i media, men medlemsmassen er liten. I Sverige har miljøorganisasjonane ti gonger så mange medlemmar som i Noreg. Den norske miljødebatten har blitt ein ekspertdebatt. Folk flest følgjer debatten i media. Dei er i liten grad aktive deltakarar i arbeidet med å utvikle ein konkret klimapolitikk. Vi har fått ei framandgjering som stengjer for folkeleg engasjement og politisk press nedanifrå slik vi har hatt i den faglege kampen. Fagbevegelsen hadde aldri fått gjennomslag for ein offensiv fordelingspolitikk utan ein stor medlemsmasse som har sett makt bak krava og heia fram politikarar som støttar dei.
Vi har solid erfaring for at god miljøpolitikk er god næringspolitikk og god sysselsettingspolitikk. Pååttitalet fekk norsk prosessindustri nye miljøkrav, og mange spådde at bedriftene ville gå konkurs eller flagge ut. Men det motsette skjedde. Miljøkrava kom, og industrien tok etter kvart utfordringa og satsa på ny teknologi i samarbeid med styresmaktene. Teknologisatsinga blei ikkje berre til glede for miljøet. Den førte også til redusert energiforbruk, reduserte kostnader og betre produktkvalitet. Offensive miljøkrav på eit tidleg tidspunkt er ei av hovudårsakene til at vi no har ein konkurransedyktig prosessindustri. Hadde miljøsinkene fått dominere debatten pååttitalet, hadde vi knapt hatt prosessindustri i Noreg i dag. Dette er viktige erfaringar som fagrørsla kan ta med seg inn i klimadebatten.
Det som bind saman fagbevegelsen og miljøbevegelsen er eit grunnleggande interessefellesskap mellom kampen for solidaritet og kampen for klimaet, mellom god fordelingspolitikk og god miljøpolitikk. Ein sterkare allianse mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen er ikkje avhengig av semje i eit og alt. Krav om brei semje vil hindre ein konstruktivt dialog og eit dynamisk samspel. Usemja går heller ikkje alltid mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen. Vi ser store forskjellar i syn både internt i miljøbevegelsen og internt i fagbevegelsen. Dette mangfaldet som har komme klarare fram i det siste, er ein styrke for klimakampen.
Forskjellane mellom organisasjonane i miljøbevegelsen kjem blant anna til syne i debatten om vindmøller og småskala kraftverk som i mange tilfelle fører til store inngrep i naturen. Enkelte av miljøorganisasjonane har markert seg som teknologioptimistar i klimadebatten. Andre legg større vekt på bevaring av naturmangfald og har gjerne fokus på redusert forbruk. Diskusjonen om forbruk er også ein diskusjon om fordeling og redusert arbeidstid, og det er spørsmål som fagbevegelsen alltid har hatt på agendaen.
Fleire fagforbund har vedtatt offensive strategiar for miljø og klima, og mange fagorganiserte gjekk under klimaparolar første mai. Men krav om redusert oljeutvinningstempo og vern av sårbare område som Lofoten og Vesterålen skaper framleis strid. Mange har hatt klokketru på kjøp av klimakvotar og har sett mindre behov for nasjonale klimatiltak. Men det er stadig fleire som tar inn over seg at kvotekjøp ikkje kan erstatte innanlandske tiltak. Dessutan viser erfaringane frå miljøkampen pååttitalet at tidleg omstilling av næringslivet er viktig for å sikre arbeidsplassane. Derfor aukar kravet om grøn omstilling i fagbevegelsen, slik vi såg det mange stader først mai.
LO er no i ferd med å utarbeide ein oppdatert klimastrategi. Vi får vone at forbund med ein offensiv klimapolitikk vinn fram, og at samarbeid med miljøbevegelsen blir eit sentralt punkt. Debattar og aktivitetar i basisorganisasjonen i samarbeid med miljøbevegelsen kan skape eit nytt løft for klimakampen. Då kan vi få den breie forankringa og det breie klimaengasjementet som vi har mangla her i landet.
Alf
Tilbaketråkk: Ein mannsalder i politikk og samfunnsdebatt – Kapittel 1 | Alf Holmelid
Tilbaketråkk: Grøn næringsutvikling – ei oppsummering | Alf Holmelid