Kommunale krumspring for Torvparkering AS

torgaksjonFor å drive offentlege parkeringsplassar må du ha ein sokalla tenestekonsesjon. Kristiansand kommune har no skrive kontrakt om tenestekonsesjon med Torvparkering AS. Prosessen bak denne tildelinga er eit studium verdt.

Utlysinga blei lagt ut på nettstaden for slike utlysingar, DOFFIN, 20. april med frist for å levere tilbod 15. mai. Dette er absolutt grunn til å stille spørsmål ved om dette er «rimeleg frist» som lova krev, i ei så komplisert sak. Naturleg nok var det då berre det firmaet som var tiltenkt oppdraget, Torvparkering AS, som leverte tilbod. Men historia stoppar ikkje der.

I tilbodsdokumentet krev ein blant anna:

  • «Leverandøren skal ha relevant kompetanse og erfaring fra tilsvarende prosjekter.»
  • «Leverandør skal ha en rating som minst tilsvarer god kredittverdighet, og for øvrig ha tilfredsstillende økonomisk soliditet og finansieringsevne.»

Torvparkering AS er eit selskap som i siste kjente rekneskap hadde 100.000 kroner i eigenkapital. Det var eit sovande selskap inntil det 30. april i år skifte namn og formål og fekk Bjarne Ugland som styreleiar.

Det er mildt sagt grunn til å stille spørsmål om eit slikt selskap kan seiast å tilfredsstille krava ovanfor. Erfaring frå tilsvarande prosjekt har ikkje selskapet. Soliditeten er for så vidt god, men eigenkapitalen er ikkje i stand til å løfte prosjektet på det tidspunktet då selskapet blei valt.

Då er det ikkje så rart at ein i anskaffelsesprotkollen skriv at «da det kun kom inn ett tilbud, så er det ikkje foretatt evaluering i ordinær forstand» Anskaffelsesprotokollen viser også at tilbydar har pressa på for å få fortgang i forhandlingane. Dei er nok klar over at prosjektet kan bli stoppa om dei ikkje kjem i gang før kommunevalet.

Alf

One response to “Kommunale krumspring for Torvparkering AS

  1. I dag har eg sendt følgjande spørsmål til rådmannen i Kristiansand:

    Rådmann Tor Sommerseth
    Kristiansand kommune har signert kontrakt med Torvparkering as om tenestekonsesjon for drift av parkeringsanlegg under torget. I den samanheng har eg nokre spørsmål som eg meiner er av allmenn interesse:

    I utlysingsdokumentet for tenestekonsesjon er det stilt krav om at tilbydaren skal ha «relevant kompetanse og erfaring fra tilsvarende prosjekter».
    Meiner rådmannen at Torvparkering as har det?

    Torvparkering as har ein aksjekapital på 100.000 kroner. Kva atterhald har kommunen tatt for å sikre at selskapet har økonomi til å ivareta intensjonane i avtalen, og kva frist har selskapet fått for å få dette på plass? Kan bygging inklusive grunnboring starte før dette er ordna?

    Det regulerte tomtearealet under torget utgjer ein sentral del av dei offentlege parkeringsplassane i Kvadraturen. Torvparkering as har no fått konsesjon for å drifte dei i 50 år. Kva atterhald har kommunen tatt for å hindre at den prispolitikken og den praksisen som selskapet fører, kan komme i strid med samferdselspolitikken i kommunen i denne lange perioden. Har kommunen for eksempel sikra seg rett til å hindre at selskapet legg seg på eit lågare prisnivå enn det som er ønskjeleg for å redusere privatbilismen og styrke konkurransekrafta til kollektivtransporten?

    Meir informasjon om desse problemstillingane finn ein her https://alfh.wordpress.com/2015/07/07/kommunale-krumspring-for-torvparkering-as/

    Beste helsing
    Alf Holmelid
    leiar i Vest-Agder SV

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s