Noreg er i ferd med å få eit todelt næringsliv. Oljeutvinningstempoet er så høgt at det skapar eit farleg prispress for andre deler av industrien. I gleda over nye oljefunn må vi derfor ikkje gløyme behovet for å utvikle eit robust og allsidig næringsliv.
Stadig oftare får eg bekymringsmeldingar om presset frå den oppheta oljeøkonomien. I romjula kom det jamvel ei bekymringsmelding frå oljenæringa sjølv. Oljenæringa har gode tider og slit med å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Det fører til eit prispress som andre næringar har problem med å handtere. Når dette fell saman med ein turbulent økonomisk situasjon i våre største eksportmarknader, så er det grunn til å ta situasjonen på alvor. Den raudgrøne regjeringserklæringa legg vekt på å utvikle eit framtidsretta næringsliv som kan ta posisjonar i nye marknader. Noreg kan ikkje leve av olja aleine.
Oljeutvinningstempoet er eit viktig klimaspørsmål. Men det er også eit sentralt spørsmål for norsk næringsliv. Utviklinga av norsk oljerelatert leverandørindustri er ei suksesshistorie som vi må ta vare på. Men vi treng fleire bein å stå på. Skal vi få til det, må vi redusere det høge oljeutvinningstempoet. Viss ikkje kan vi få eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig over tid for andre deler av næringslivet. Verdiane på havbotn forsvinn ikkje om vi brukar lenger tid på å ta dei opp.
Alf