Tag Archives: industripolitikk

Trist slutt for Jernstøperiet

havvindmolle-og-heikki_c3 Utruleg trist melding i media i dag. Vestas Casting eller Jernstøperiet som dei fleste seier, skal avvikle, og 150 tilsette må forlate ein tradisjonsrik arbeidsplass og blir arbeidslause.

Det er overraskande at dei nye eigarane, VTC Partners, legg ned så raskt etter at dei overtok. Var det planen heile tida?

Denne industrien står overfor fleire utfordringar. Leverandørar til vindenergi såvel som til solenergi møter sterk konkurranse frå Kina. Fornybarsatsinga, spesielt vindkraftsatsinga, har også stagnert noko, blant anna på grunn av finanskrisa.
Og sist men ikkje minst skaper det oljedrivne kostnadsnivået her i landet utfordringar for landbasert industri. Dette er utfordringar som vi bør ta på alvor om vi skal klare å oppretthalde eit robust næringsliv her i landet.

Alf

Oljeutvinningstempoet – ei utfordring for landbasert næringsliv

Noreg er i ferd med å få eit todelt næringsliv. Oljeutvinningstempoet er så høgt at det skapar eit farleg prispress for andre deler av industrien. I gleda over nye oljefunn må vi derfor ikkje gløyme behovet for å utvikle eit robust og allsidig næringsliv.

Stadig oftare får eg bekymringsmeldingar om presset frå den oppheta oljeøkonomien. I romjula kom det jamvel ei bekymringsmelding frå oljenæringa sjølv. Oljenæringa har gode tider og slit med å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Det fører til eit prispress som andre næringar har problem med å handtere. Når dette fell saman med ein turbulent økonomisk situasjon i våre største eksportmarknader, så er det grunn til å ta situasjonen på alvor. Den raudgrøne regjeringserklæringa legg vekt på å utvikle eit framtidsretta næringsliv som kan ta posisjonar i nye marknader. Noreg kan ikkje leve av olja aleine.

Oljeutvinningstempoet er eit viktig klimaspørsmål. Men det er også eit sentralt spørsmål for norsk næringsliv. Utviklinga av norsk oljerelatert leverandørindustri er ei suksesshistorie som vi må ta vare på. Men vi treng fleire bein å stå på. Skal vi få til det, må vi redusere det høge oljeutvinningstempoet. Viss ikkje kan vi få  eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig over tid for andre deler av næringslivet. Verdiane på havbotn forsvinn ikkje om vi brukar lenger tid på å ta dei opp.

Alf