Tag Archives: oljeøkonomi

Trist slutt for Jernstøperiet

havvindmolle-og-heikki_c3 Utruleg trist melding i media i dag. Vestas Casting eller Jernstøperiet som dei fleste seier, skal avvikle, og 150 tilsette må forlate ein tradisjonsrik arbeidsplass og blir arbeidslause.

Det er overraskande at dei nye eigarane, VTC Partners, legg ned så raskt etter at dei overtok. Var det planen heile tida?

Denne industrien står overfor fleire utfordringar. Leverandørar til vindenergi såvel som til solenergi møter sterk konkurranse frå Kina. Fornybarsatsinga, spesielt vindkraftsatsinga, har også stagnert noko, blant anna på grunn av finanskrisa.
Og sist men ikkje minst skaper det oljedrivne kostnadsnivået her i landet utfordringar for landbasert industri. Dette er utfordringar som vi bør ta på alvor om vi skal klare å oppretthalde eit robust næringsliv her i landet.

Alf

Mindre oljeavhengig økonomi

Audun-Lybakken-Askoy-industri_c3Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Leiarskribenten her i avisa legg seg på same linje som Erna Solberg og hevdar at skatteomlegginga sist helg liknar på høgrepolitikk. Men det er god grunn til å stille spørsmål ved denne påstanden.

Eit av poenga med omlegginga er å redusere presset i oljeøkonomien og legge til rette for eit allsidig næringsliv med perspektiv utover oljealderen. Redusert press i oljesektoren er bra for landbasert næringsliv, og det kan også ha ein positiv effekt for klimaet på lengre sikt. Derfor aukar regjeringa skattane i oljesektoren og reduserer skattar og stimulerer til omstilling i landbasert næringsliv.

Dei enkelte stimuleringstiltaka har vel dei fleste partia på sine program i ulike variantar. Men det er grunnleggande forskjell på skattepolitikken til Høgre og dei raudgrøne. Når Høgre foreslår skattelette, så finansierer dei det ved kutt i statsbudsjettet, gjerne ved kutt i velferd. Regjeringa legg derimot fram eit ballansert opplegg som ikkje går ut over budsjettballanse og velferd. Dessutan har Høgre prioritert lette i formuesskatten som primært kjem dei rike til gode og har ein negativ fordelingseffekt. Regjeringa prioriterer tiltak direkte til bedriftene.

Høgre har nok enkeltforslag som isolert sett kan vere bra for næringslivet, men heilskapen i deira politikk er eit brot med den norske samfunnsmodellen bygd på solodaritet, moderate forskjellar og ein sterk offentleg sektor. Ved å svekke den norske modellen svekker dei også konkurransekrafta til næringslivet

Alf

Gjennomslag for kamp mot todelt økonomi

elektronikkSV har lenge åtvara i mot todelinga i norsk økonomi. Vi har bonanza i oljenæringa samtidig som landbasert industri slit. Dette gjer oss svært avhengig av olja, noko som er uheldig både for næringslivet og klimaet. Vi må dempe presset i oljenæringa og satse på eit mangfaldig næringsliv med perspektiv utover oljealderen. SV har i den samanheng foreslått sterkare skattlegging av oljenæringa http://www.dagsavisen.no/samfunn/vil-pumpe/

Eg har også skrive om presset i oljeøkonomien her https://alfh.wordpress.com/2012/09/27/salig-er-oljeokonomien/

Med så sterk todeling i økonomien er det behov for å stimulere landbasert industri parallelt med at vi strammar inn i oljesektoren. SV har peika på at vi i den samanheng bør satse på skattelette for forsking og for investering i nytt utstyr gjennom gunstigare avskrivingsreglar. Det stimulerer til omstilling og kompetanseutvikling slik at bedriftene kan tole kostnadsnivået og konkurransen. Den nye pakke frå regjeringa inneheld alt dette. http://sv.no/Siste-nytt/Mot-todeling-og-oljeavhengighet

Les også her:

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/post274811.zrm

Alf

Salig er oljeøkonomien

Dette innlegget stod på trykk i Dagens Næringsliv i dag. Det er svar på eit angrep frå to professorar i (olje)økonomi. Men det kan også lesast som ein sjølvstendig artikkel.

SV har trekt i gang ein debatt om kva konsekvensar den sterke veksten i oljeinvesteringane har for norsk økonomi. Petter Osmundsen og Øystein Thørgersen (DN, 24.september) svarar med å peike på at oljeaktiviteten har vore og er viktig for norsk velferd. Det er det få som er usamde i. Men det bør ikkje vere til hinder for å diskutere korleis vi skal takle konsekvensane av oljeaktiviteten og det presset den skaper i norsk økonomi. Spørsmålet er ikkje for eller imot, men kor mykje.

Osmundsen og Thørgersen er samd i at det er ei utfordring når ein konjunkturutsett bransje blir så dominerande. Men dei konkluderer med at det er noko vi må akseptere. Dei tiltaka som er framme i diskusjonen, har lange tidshorisontar og er lite treffsikre, hevdar dei. Dei to professorane har eit poeng her, men dei svarer ikkje på dei grunnleggande problemstillingane som eg tok opp. Evna til å tåle svingingar er blant anna avhengig av kor dominerande bransjen er. Derfor reiste eg spørsmål om det finst ei grenser for kor stor del av økonomien som kan vere dominert av ein bransje før varsellampane blinkar. Og kva kan vi gjere for å unngå eit kostnadsnivå som pressar ut anna eksportretta industri?

Petroleumsnæringa skil seg frå andre næringar på fleire måtar. Den baser seg på ein tidsavgrensa ressurs, og den har ein super-profitt som lett kan leie til eit lønns- og kostnadsnivå som ikkje er berekraftig på sikt. Skatteregimet i petroleumsnæringa fører til at ein stor del av kostnaden ved å ta risiko blir velta over på staten. Det fører lett til overoptimistiske satsingar som ein ikkje kan tillate seg i andre bransjar. Denne effekten blei forsterka ved den skatteomlegginga som blei gjort for nokre år sidan. Det viser også at ein lettare grip til argumentet om stabile rammevilkår når ein snakkar om å justerer opp enn når ein juster ned skattane.

Det er heller ikkje mogeleg å diskutere oljeøkonomi utan å diskutere klimapolitikk. Vi kan ikkje bruke all tilgjengeleg kol og olje om vi skal nå målet om maksimalt to graders oppvarming av kloden vår.  Dermed vil langsiktige og økonomisk marginale investeringar i oljeutvinning vere avhengige av at vi gir opp togradersmålet. Også denne risikoen som bryt med  uttalt norsk klimapolitikk, lastar oljeselskapa over på den norske staten. Og byrdene for resten av næringslivet vil bli større jo meir oljeselskapa slepp unna.

Alf