Tag Archives: natur

Svakt om fordeling frå Klimautvalet

Dei siste tretti åra har vi redusert utsleppet av klimagassar her i landet med om lag to millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dei neste tretti åra må vi redusere utsleppa med ytterlegare 45 millionar tonn, dersom vi skal innfri vedtekne klimamål. Vi må fjerne 90% av dagens utslepp, noko som vil krevje ein heilt annan innsats enn vi har sett hittil. Heile samfunnet må igjennom ei omfattande omstilling. Eit regjeringsoppnemnt utval, Klimautvalet, la nyleg fram ein rapport om kva som må til for å komme i mål med ei så omfattande omstilling.

Utvalet startar med målet. Dei har sett på kva utsleppskjelder det vil vere rom for i 2050 dersom det totale utsleppet av klimagassar skal ligge innafor dei vedtekne klimamåla. Vidare har dei sett på kor vanskeleg det er å redusere utsleppa i ulike sektorar. Utvalet konstaterer at det er avgrensa kor mykje ein kan redusere utsleppa frå matvareproduksjon. Det er også vanskeleg å bli kvitt alle utsleppa frå oljeutvinning. 

Desse to utsleppskjeldene åleine kan overstige målet på 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Matproduksjon må vi ha. Derfor har utvalet foreslått ein pause i leiting etter olje og gass inntil regjeringa har laga ein langtidsplan for nedtrapping av oljeaktiviteten. Andre område enn desse to sektorane må fjerne praktisk talt alle utslepp. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved slike rekneeksempel. Men det viser kor krevjande det vil bli å nå dei vedtekne måla for 2050.

Vi har mykje av den teknologien som trengs for å komme bort i frå fossil energi. Men Klimautvalet peikar på at kompetanse, fornybar energi og areal er avgrensa ressursar. Arealdisponering har ein sentral plass i rapporten. Riktig arealdisponering reduserer klimautslepp og sikrar biologiskemangfald. Vi får stadig ny kunnskap om kor viktig ulike arealtypar både på land og under vatn er for opptak og lagring av klimagassar. Utvalet tilrår blant anna strengare nasjonale retningsliner for den kommunale arealforvaltninga. 

Tilstrekkeleg tilgang på fornybar energi er heilt avgjerande for å nå klimamåla. Vi treng fornybar energi for å erstatte fossil energi til oppvarming, transport og drift av maskiner. På tross av at vi har mykje vasskraft, så er om lag halvparten av energiforbruket her i landet framleis fossilt. I tillegg har vi ei utfordring med prosessutslepp frå prosessindustri. Norsk industri har gjennomført store utsleppsreduksjonar. Men for å redusere prosessutsleppa ytterlegare vil det bli behov for store mengder fornybar energi.

Det er mange ulike syn på kor mykje fornybar energi vi treng i 2050. Prognosane avheng blant anna av politiske val når det gjeld ny grøn industri og energisparing. Utvalet peikar på at låge prisar på fornybar energi kan føre til raskare overgang til fornybarteknologi. Men på den andre sida kan låge prisar føre til mindre energisparing og større press på naturen. Utvalet konkluderer med at låge energipriser ikkje bør vere eit hovedmål for energipolitikken. Her saknar eg ei nærare drøfting av samfunnsverdien av stabile og moderate energiprisar og fordelingseffekten av høge prisar.

Klimautvalet konkluderer med at eventuelle negative fordelingseffektar av klimapolitikken i hovudsak bør handterast gjennom skattesystemet og velferdsordningane. Her gjer utvalet det litt for lett for seg. Fordelingspolitikken er ein av dei store snublesteinane i klimapolitikken. Vi ser aukande bruk av avgifter både i klimapolitikken og på andre område. Spørsmålet er om skattesystemet i tilstrekkeleg grad kan rette opp dei negative fordelingseffektane av denne utviklinga. Alt i dag at det vanskeleg å få gjennomslag for eit skatteopplegg som kan hindre at dei økonomiske forskjellane aukar.

Utvalet etterlyser ei grundig analyse av fordelingseffekten av klimapolitikken. Det er på overtid. Vi treng både analyse og forslag til tiltak dersom klimapolitikken skal få brei støtte. Klimautvalet drøfter bruk av reguleringar, men legg hovudvekta på avgifter. Dei er også innom kontantutbetalingar som karbonavgift til fordeling (KAF), men utan å løfte det fram som eit aktuelt tiltak.

Rapporten frå Klimautvalet gir god innsikt i den store oppgåva som ligg framfor oss. Den bør lesast av alle som ønskjer å engasjere seg i klimadebatten. Men utvalet tar for lett på den største utfordringa som er tiltak for å unngå negative fordelingseffektar.

Alf Holmelid

Kronikken er publisert i Fædrelandsvennen i dag.

Vil bystyret forkaste eigne miljømål?

For eit år sidan behandla bystyret i Kristiansand dei overordna prinsippa for ny kommuneplan. Politikarane vedtok mange fine formuleringar om miljø og berekraft, og dei la vekt på at kommunen skal ta vare på naturen og kulturlandskapet. Men det viser seg no at det er lettare å vedta fine mål enn å følgje dei i praksis. Då formannskapet behandla arealdelen i kommuneplanen for kort tid sidan, måtte omsynet til natur og miljø vike for andre interesser.

Kommuneadministrasjonen har lagt fram eit gjennomarbeidd forslag til arealplan basert på dei måla som politikarane har vedtatt. Forslaget frå administrasjonen legg opp til redusertnedbygging av urørt natur, dyrka mark og kulturlandskap. Det arealet som er bandlagt for utbygging i dette forslaget, er mindre enn i gjeldande plan. Det same gjeld utslepp av klimagassar. Samtidig sikrar planen ein god arealreserve for bustadar i eit 20-års perspektivet, og den legg til rette for grøn industri og variert næringsutvikling. 

Men då arealplanen kom til politisk behandling, viste det seg at dei som sit med den politiske makta, ikkje var interesserte i å følgje opp eigne miljømål. Fleirtalet i formannskapet bad om å få vurdert ei rekke nye område for utbygging. Det omfattar verdifulle strandareal, dyrka mark, store skogområde, myr og ferskvatn. Tilleggsforslaga utgjer over 6.500 dekar og vil føre til utslepp av klimagassar tilsvarande 234.000 tonn CO2. Dette er nedbygging av natur i eit omfang som er klart i strid med den overordna kommuneplanen og klima- og miljøplanen som blei vedtatt for kort tid sidan. 

Arealplanen er kanskje den viktigaste saka som bystyret behandlar på mange år. Den styrer den kommunale arealdisponeringa fram til 2034. Samfunnsdelen av kommuneplanen legg dei overordna føringane og inneheld mange fine målformuleringar som det er lett å slutte seg til. Arealplanen derimot, er harde realitetar med økonomiske og juridiske konsekvensar og mange interessentar. Det er overraskande at ikkje media har engasjert seg sterkare i å få fram kva som skjer i denne planprosessen.

Vi har nyleg fått ein skremmande rapport frå FNs naturpanel. Arealendringar er no den største trusselen mot naturmangfaldet både i Norge og internasjonalt. Denne utviklinga må vi stoppe dersom vi skal ta vare på livsgrunnlaget og livskvaliteten for framtidige generasjonar. Administrasjonen har levert eit planutkast som er i samsvar med tilrådingane frå naturpanelet og dei miljømåla bystyret har vedtatt. Men fleirtalet i formannskapet valde å sendt på høyring ein plan som kan føre til store unødvendige naturinngrep og ustrukturert arealbruk i kommunen.

Heldig vis er det ikkje for seint å påverke sluttresultatet. Arealplanen skal snart til endeleg behandling i formannskapet og bystyret. Den er lett tilgjengeleg på kommunen sine nettsider, og fristen for å sende inn høyringsinnspel er 5. mars. La oss ta til penn eller tastatur og utfordre politikarane til å stoppe dei uheldige naturinngrepa som formannskapet la inn i høyringsutkastet i strid med vedtekne miljømål. Det er slike sprik mellom liv og lære – mellom mål og handling – som bryt ned tilliten til politikarane.

Alf Holmelid

leiar i Naturvernforbundet i Kristiansand

Innlegget er publisert i Fædrelandsvennen i dag.