Tag Archives: triksing

Stopp parkeringsskandalen

torgetEit nytt parkeringsanlegg under torget i Kristiansand er unødvendig og miljøfiendtleg. Det er i strid med planane om å vri bytrafikken frå privatbil til kollektivtransport, og det kjem i konflikt med historiske verdiar i byen. Bystyret bestemte derfor at det ikkje er aktuelt å bygge parkeringsplassane i kommunal regi. Men så dukka det plutseleg opp eit privat prosjekt som blei pressa igjennom i ekspressfart. Dei som står bak prosjektet, vil tydeleg vis hindre at parkeringsanlegget skal bli ein del av valkampen og stoppa av eit nytt bystyre.

Planane om å bygge over 400 parkeringsplassar i kjernen av Kvadraturen strir mot alle faglege råd. Fagetaten i kommunen har dokumentert at det alltid er minst 200 ledige parkeringsplassar i Gyldengården og Slottet. Det nye private parkeringsanlegget med si gunstige plassering vil redusere belegget i dei kommunale anlegga, og kommunen vil tape mellom to og fire millionar kroner kvart år. I tillegg skal kommunen betale 17 millionar kroner i støtte til byggeprosjektet. Som kompensasjon for alt dette får kommunen ei krone i året i festeavgift.

Parkeringsprosjektet vil gjere Kristiansand til ein versting i klimapolitikken. Transportsektoren står for ein stor del av klimautsleppa. Klimaforliket som alle parti unntatt FrP støttar, legg derfor vekt på å redusere bruken av privatbil, spesielt i dei store byane. Kristiansand har satsa på kollektivtransport kombinert med restriktive tiltak, og vi har begynt å sjå resultat av denne innsatsen. Kvifor vil det politiske fleirtalet no spenne bein for denne utviklinga ved å lokke fleire til å bruke privatbil?

Øvre og Nedre Torg og parkanlegga i området er storstova i Kristiansand. Det er knytt historie og kjensler til området, historie og kjensler som er med på å gi byen sjel. Parkeringsprosjektet vil føre til at utbyggarane må rive opp steinlegging som er over tre hundre år gammal. Steinen skal leggast tilbake, men ein kopi er aldri det sama som originalen. For mange skaper det også sterke kjensler når ein skal grave opp ein gamal gravplass for å sleppe å gå nokre få meter til privatbilen.

Hastverket i denne saka er eit studium verdt. For å drive offentlege parkeringsplassar må du ha ein tenestekonsesjon. Invitasjon til å søkje konsesjon blei lagt ut på nettstaden for slike utlysingar, DOFFIN, 20. april med frist for å levere tilbod 15. mai. Det er god grunn til å stille spørsmål ved om dette er rimeleg frist i ei så komplisert sak. Naturleg nok var det då berre det firmaet som var tiltenkt oppdraget, Torvparkering AS, som leverte tilbod. Men historia sluttar ikkje der.

I tilbodsinvitasjonen krev kommunen at «leverandøren skal ha relevant kompetanse og erfaring fra tilsvarende prosjekter». Vidare står det at leverandør skal “ha tilfredsstillende økonomisk soliditet og finansieringsevne.» Torvparkering AS er eit selskap som i siste kjente rekneskap hadde 100.000 kroner i eigenkapital. Det var eit sovande selskap inntil det 30. april i år skifte namn og formål og fekk ny styreleiar. Det er all grunn til å spørje om selskapet kan seiast å tilfredsstille krava i utlysinga. Eg kan vanskeleg tenkje meg at Torvparkering AS har dokumentert erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Det er også grunn til å spørje om tenesteavtalen er i samsvar med vedtatt reguleringsplan. Området er regulert til offentleg parkering. Men i tenesteavtalen har kommunen akseptert at ein stor del av parkeringsplassane skal vere reserverte og disponerast eksklusivt av Torvparkering AS. Dei første åra skal over ein tredel av plassane vere reserverte. Kan Kommunalutvalet i eit lukka møte bryte med ein vedtatt reguleringsplan utan å ta saka tilbake til bystyret?

Her er det mange ting som tyder på at nokon har hatt hastverk med å komme i gang før valet. Men er dette ansvarleg saksbehandling? Kan vi akseptere at ei slik sak blir rusha igjennom etter at bystyret har tatt sommarferie og før neste bystyremøte kan settast? Dersom du vil vere med på å stanse dette skandaleprosjektet, så kan du signere underskriftslister, delta i debatten og stemme på SV eller eit anna parti som vil ta kampen mot prosjektet.

Alf Holmelid, leiar i Vest-Agder SV

Dette innlegget står på trykk i Kristiansand avis i dag.