Tag Archives: vegtransport

Vi når ikkje klimamåla for vegtrafikk

Dei siste vekene har vi fått to nye rapportar om klima. Begge rapportane handlar om vegtrafikk, og begge teiknar eit dystert bilete av vår evne til å nå våre eigne klimamål. Vi har trenert nødvendige tiltak så lenge at det no er vanskeleg å nå måla for 2030 sjølv med drastiske tiltak. Diverre har denne kunnskapen i liten grad nådd fram i media og fått konsekvensar for samfunnsdebatten og samferdselspolitikken.

I arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2025–2036 har transportetatane Avinor, Bane NOR, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier og Statens vegvesen utarbeidd ein rapport om  klimagassutslepp frå transportsektoren her i landet. Sektoren står for ein tredel av alle utslepp av klimagassar, og vegtrafikken står for halvparten av dette. Målet er å redusere utsleppa i forhold til 1990 med 55 prosent innan 2030. Men det er svært lite som tyder på at vi vil klare det.

Den andre rapporten tar opp arealbruksendringar og er utarbeidd av Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet, NVE og Statens vegvesen. Verda står overfor ei klimakrise og ei naturkrise. FNs klimapanel og FNs naturpanel har dokumentert at det hastar med å snu utviklinga dersom vi skal ta vare på vårt livsgrunnlag for framtidige generasjonar. Nedbygging av areal er ein av dei store syndarane. Det reduserer naturmangfaldet og fører til klimautslepp og redusert opptak av klimagassar. 

Dersom vi skal nå våre eigne klimamål, så må vi i følgje rapporten“ tole ein verkemiddelbruk og ei omstilling som er betydeleg meir krevjande  enn det vi har hatt til no”. Ingen verkemiddel åleine er tilstrekkeleg til å nå måla. Det er nødvendig med mange ulike tiltak, og rapporten presenterer nokre eksempel på tiltakspakkar som kan bringe oss nærare måla. Ein slik pakke omfattar blant anna ein drivstoffpris på 50 kroner per liter, 33 prosent reduksjon i prisen på kollektivtransport, byvekstavtaler og sterk satsing på overgang til elektrisk transport, 

Bensinpris på 50 kroner per liter er lite politisk gangbart. Men desse tiltakspakkane viser at vi har sove i timen når det gjeld samferdselspolitikk og klima. Vi må tenkje nytt om transport dersom vi meiner alvor med dei vedtekne klimamåla. Arealplanlegging og samfunnsplanlegging som kan redusere transportbehovet, må få større plass. Det same gjeld tiltak for å flytte transport frå bil til bane. Rapporten går ikkje inn på desse tiltaka, men den peikar på at andre land har klarare målsettingar enn Noreg på desse områda.

Vi bygger ned 50 km2 her i landet kvart år. Det fører til utslepp av om lag 1,9 million tonn CO2-ekvivalentar,  eller omtrent fire prosent av dei totale norske utsleppa av klimagassar. I tillegg til dei direkte utsleppa vil nedbygging føre til redusert framtidig karbonbinding. Vegbygging står for over 25 prosent av det nedbygde arealet i perioden 1990 til 2019, og det utgjer ei av dei største utfordringane for klima og naturmangfald. Like vel er desse forholda lite framme i debatten når vi diskuterer behovet for nye og betre vegar. 

Målet om 55 prosent reduksjon i klimautsleppa innan 2030 gjeld ikkje kvar enkelt sektor. Men dersom transportsektoren ikkje klarer å nå målet, blir det større press på andre sektorar som industri og landbruk. Det er ein situasjon vi bør unngå. Transportsektoren må ta sin del av ansvaret for å nå klimamåla.

Kanskje ser vi no ei haldningsendring og ei aukande interesse for konsekvensane av arealbruk. Då klima- og miljøminister Espen Barth Eide tok i mot rapporten om arealendringar, sa han at det er nødvendig med sterkare prioritering av arealbruken. Han konkluderte med at vi må bygge færre nye vegar og hyttefelt, og han utfordra kommunane til å bli flinkare til å redusere nedbygginga av natur og kulturlandskap. Det er ei utfordring vi bør ta på alvor også i vår landsdel.

Det store fleirtalet av politikarar på Sørlandet likar å stå fram i media med lovnader om å kjempe for meir veg. Men vi høyrer sjeldan noko om arealinngrep og konsekvensar for klima og naturmangfald. Vi held fram med å bygge overdimensjonerte vegar som legg til rette for auka trafikk – for så å sette i verk tiltak for å redusere trafikken og miljøproblema. Kanskje det er på tide å snu på flisa og la miljøkrava legge sterkare føringar for transportplanlegginga i utgangspunktet.

Alf Holmelid

Kronikken er publisert i Fædrelandsvennen i dag