Tag Archives: Transport

Vi når ikkje klimamåla for vegtrafikk

Dei siste vekene har vi fått to nye rapportar om klima. Begge rapportane handlar om vegtrafikk, og begge teiknar eit dystert bilete av vår evne til å nå våre eigne klimamål. Vi har trenert nødvendige tiltak så lenge at det no er vanskeleg å nå måla for 2030 sjølv med drastiske tiltak. Diverre har denne kunnskapen i liten grad nådd fram i media og fått konsekvensar for samfunnsdebatten og samferdselspolitikken.

I arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2025–2036 har transportetatane Avinor, Bane NOR, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier og Statens vegvesen utarbeidd ein rapport om  klimagassutslepp frå transportsektoren her i landet. Sektoren står for ein tredel av alle utslepp av klimagassar, og vegtrafikken står for halvparten av dette. Målet er å redusere utsleppa i forhold til 1990 med 55 prosent innan 2030. Men det er svært lite som tyder på at vi vil klare det.

Den andre rapporten tar opp arealbruksendringar og er utarbeidd av Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet, NVE og Statens vegvesen. Verda står overfor ei klimakrise og ei naturkrise. FNs klimapanel og FNs naturpanel har dokumentert at det hastar med å snu utviklinga dersom vi skal ta vare på vårt livsgrunnlag for framtidige generasjonar. Nedbygging av areal er ein av dei store syndarane. Det reduserer naturmangfaldet og fører til klimautslepp og redusert opptak av klimagassar. 

Dersom vi skal nå våre eigne klimamål, så må vi i følgje rapporten“ tole ein verkemiddelbruk og ei omstilling som er betydeleg meir krevjande  enn det vi har hatt til no”. Ingen verkemiddel åleine er tilstrekkeleg til å nå måla. Det er nødvendig med mange ulike tiltak, og rapporten presenterer nokre eksempel på tiltakspakkar som kan bringe oss nærare måla. Ein slik pakke omfattar blant anna ein drivstoffpris på 50 kroner per liter, 33 prosent reduksjon i prisen på kollektivtransport, byvekstavtaler og sterk satsing på overgang til elektrisk transport, 

Bensinpris på 50 kroner per liter er lite politisk gangbart. Men desse tiltakspakkane viser at vi har sove i timen når det gjeld samferdselspolitikk og klima. Vi må tenkje nytt om transport dersom vi meiner alvor med dei vedtekne klimamåla. Arealplanlegging og samfunnsplanlegging som kan redusere transportbehovet, må få større plass. Det same gjeld tiltak for å flytte transport frå bil til bane. Rapporten går ikkje inn på desse tiltaka, men den peikar på at andre land har klarare målsettingar enn Noreg på desse områda.

Vi bygger ned 50 km2 her i landet kvart år. Det fører til utslepp av om lag 1,9 million tonn CO2-ekvivalentar,  eller omtrent fire prosent av dei totale norske utsleppa av klimagassar. I tillegg til dei direkte utsleppa vil nedbygging føre til redusert framtidig karbonbinding. Vegbygging står for over 25 prosent av det nedbygde arealet i perioden 1990 til 2019, og det utgjer ei av dei største utfordringane for klima og naturmangfald. Like vel er desse forholda lite framme i debatten når vi diskuterer behovet for nye og betre vegar. 

Målet om 55 prosent reduksjon i klimautsleppa innan 2030 gjeld ikkje kvar enkelt sektor. Men dersom transportsektoren ikkje klarer å nå målet, blir det større press på andre sektorar som industri og landbruk. Det er ein situasjon vi bør unngå. Transportsektoren må ta sin del av ansvaret for å nå klimamåla.

Kanskje ser vi no ei haldningsendring og ei aukande interesse for konsekvensane av arealbruk. Då klima- og miljøminister Espen Barth Eide tok i mot rapporten om arealendringar, sa han at det er nødvendig med sterkare prioritering av arealbruken. Han konkluderte med at vi må bygge færre nye vegar og hyttefelt, og han utfordra kommunane til å bli flinkare til å redusere nedbygginga av natur og kulturlandskap. Det er ei utfordring vi bør ta på alvor også i vår landsdel.

Det store fleirtalet av politikarar på Sørlandet likar å stå fram i media med lovnader om å kjempe for meir veg. Men vi høyrer sjeldan noko om arealinngrep og konsekvensar for klima og naturmangfald. Vi held fram med å bygge overdimensjonerte vegar som legg til rette for auka trafikk – for så å sette i verk tiltak for å redusere trafikken og miljøproblema. Kanskje det er på tide å snu på flisa og la miljøkrava legge sterkare føringar for transportplanlegginga i utgangspunktet.

Alf Holmelid

Kronikken er publisert i Fædrelandsvennen i dag

Fornybar energi er ein knapp ressurs

Skal vi nå klimamåla i Parisavtalen og andre internasjonale avtaler, så må all fossil energi erstattast av fornybar energi i løpet av tretti år. Dette er eit svært ambisiøst mål som inneberat vi må satse maksimalt på å utvikle ny grøn teknologi. Men det er ikkje nok. Naturvernforbundet har nyleg lagt fram ein rapport som viser at vi i tillegg må avgrense energiforbruket dersom vi skal unngå for store inngrep i viktige naturverdiar. Det er ikkje nok å konvertere frå fossil til fornybar energi. Vi må også spare energi.

For eit år sidan presenterte klimapanelet i FN ein rapport om korleis det går med oppfølginga av Parisavtalen og med målet om å avgrense den globale temperaturauken til 1,5 grader. Rapporten konkluderer med at dei menneskeskapte klimautsleppa må reduserast med 45% innan 2030. I 2050 må klimautsleppa vere netto null. Skal vi nå desse ambisiøse måla, så må politikarane handle no. Den nødvendige omstillinga vil krevje omfattande endring innan energi, industri, bygningar, transport og byutvikling.

I mai i år presenterte naturpanelet i FN sin rapport. Den var ikkje mindre utfordrande. Menneskeleg aktivitet trugar eksistensen til ein million artar. Både land og hav blir i akselererande grad endra av menneskeleg aktivitet i form avindustri, bygg, transport og landbruk. Energiproduksjon, også produksjon av fornybar energi, er ein del av den aktiviteten som legg press på naturen. Produksjon og distribusjon krev plass og andre ressursar. Derfor kan vi ikkje sløse med energi,sjølv om den er fornybar.

Produksjonen av fornybar energi er i rask vekst. År etter år overgår veksten prognosane frå det internasjonale energibyrået, IEA. I dag utgjer fornybar energi 15%  av det globale energiforbruket. Men det er ikkje lenge til vi bør vere oppe i 50% og 100%. Overgangen til fornybar energi er ikkje smertefri. Det ser vi tydeleg i diskusjonane om vindkraft med sine konsekvensar for naturverdiar og biologisk mangfald. Inga energikjelde er utan negative konsekvensar. Skal vi nå klimamåla og unngå uakseptable inngrep i naturen, så må vi satse på energisparing i tillegg til utbygging av grøn energi.

Rapporten frå Naturvernforbundet diskuterer korleis vi kan erstatte all fossil energi med fornybar energi her i landet utan å gjere for store naturinngrep. Noreg er velsigna med mykje fornybar vasskraft. Like vel er over halvparten av energiforbruket fossilt. Rett nok er elmotoren vesentleg meir effektiv enn bensin- og dieselmotoren, men behovet for fornybar energi er like vel betydeleg. Skal vi legge om til fornybar energi, så må vi redusere energiforbruket, eller vi måprodusere meir med dei konfliktane det inneber.

Ser vi bort i frå oljesektoren som det vil føre for langt å komme inn på her, så er det to område der vi bør spare energi, og det er transportsektoren og byggsektoren. Industrien har også eit stort energiforbruk, men der bør det vere god tilgang på energi for å kunne skape arbeidsplassar til erstatning for dei som vil bli borte i oljesektoren.

Naturvernforbundet argumenterer i sin rapport for at vi kan redusere energiforbruket i bygg med 10 TWh i løpet av 10 år. Dette svarar til produksjonen frå 15 Alta-kraftverk. Fleire studiar viser at vi i løpet av 30 år kan halvere energiforbruket i bygg frå 80 til 40 TWh. Regjeringa er langt mindre ambisiøs, og den har vist manglande evne til å ta i bruk effektive verkemiddel for å nå sine eigne mål for energisparing. No er det jamvel planar om å innføre nettariffar som straffar dei som sparer energi. Det er på tide med ein meir offensiv innsats for energisparing i bygg slik at meir av den fornybare energien kan gå til å erstatte fossil energi. 

Etter bompengekaoset i valkampen har regjeringa signalisert at det kan bli aktuelt å fire på kravet om å avgrense privatbilbruken i byar. Dei snakkar om å erstatte tak på biltrafikk med tak på utslepp frå biltrafikk. Det kan høyrast fint ut i første omgang. Men det viser manglande forståing for at fornybar energi er ein knapp ressurs, i alle fall i mange år enno. I tillegg har elbilen framleis både klimautslepp og forbruk av knappe ressursar i produksjonsfasen. Elektrifiseringa av transportsektoren må forserast om vi skal nå klimamåla. Men fornybar energi bør gå til å erstatte fossil energi, ikkje til å auke energiforbruket. Elbilar bør erstatte fossilbilar, ikkje komme i tillegg. Det er all grunn til å halde fast på målet om at trafikkveksten i byane skal handterast med kollektiv, sykkel og gange.

Vi må forsterke satsinga på fornybar energi for å nå måla i Parisavtalen. Men tilgangen på fornybar energi er ikkje utan grenser, og produksjonen kan ha negative konsekvensar for viktige naturverdiar. Skal vi ta vare på både natur og klima og samtidig ha energi til ny industriutvikling, så må vi spare energi der vi kan. Vi må få fart på energisparing i bygg og avgrense bilismen, sjølv om den energien vi brukar, er fornybar.

Alf 

Kronikken står på trykk i Fædrelandsvennen i dag