Ny på Agderbenken

For første gang i historia blir SV representert på Stortinget frå Vest-Agder. I valkampen har eg og SV prøvd å løfte fram miljø og sysselsetting, utdanning og rettferdig fordeling. Det var ikkje alltid like lett å få desse sakene på dagsorden i media. Men ute blant folk blei vi møtt med stor interesse og positive haldningar. Og dei talrike hyggelege helsingane og innspela eg har fått etter valet, tyder på at mange er positive til våre saker og ønskjer å støtte opp om vårt arbeid. Men eg og SV er heilt avhengige av innspel frå mange hald for å kunne gjere ein god jobb på Stortinget.

Du må ikkje gløyme kvar du kjem i frå dersom du kjem på Stortinget, er eit utsegn eg har høyrt mange gonger i denne valkampen. I det ligg det vel eit signal om at mange tykkjer det er for stor avstand til dei som sit med makta. Ei av dei største utfordringane vi som stortingsrepresentantar står overfor, er å oppretthalde ein god dialog med veljarane etter valet. Derfor vonar eg at folk held fram med å ta kontakt om små og store spørsmål. Ikkje minst viktig er det å ha auge og øyre opne for dei som ikkje har sterke interessegrupper til å representere seg.

SV la vekt på miljø- og klimaspørsmål i denne valkampen, men det var vanskeleg å nå fram i media med desse sakene. Dei partia som hadde klarast miljøstandpunkt, og som fekk best skår hos miljørørsla, gjekk tilbake i valet. Men eg vel å tru at det skuldast overfokusering på regjeringsspørsmålet og ikkje manglande interesse for miljø og klima blant veljarane. Gode løysingar på miljøutfordringane blir stadig viktigare både globalt, nasjonalt og regionalt. Det er viktig å starte dette arbeidet no. Gjer vi ikkje det, legg vi stein til byrden for våre barn og barnebarn. Dei regionane som er tidleg ute med omstilling til klimasamfunnet, vil skape tryggleik for arbeid og livskvalitet, samtidig som det tar ansvar for dei globale klimautfordringane.

I denne valkampen har det vore ein del fokus på korleis Agderbenken best kan representere regionen. Her trur eg ikkje det finst noko enkelt trylleformular. Det er viktig å argumentere for vår rettmessige del av dei nasjonale ressursane. Men eg trur også det er viktig å synleggjere dei ressursane og det potensialet som regionen vår har. Det er lettare å få nasjonale ressursar til regionen dersom vi kan vise at vi er i stand til å ta nasjonalt ansvar og skape verdiar utover eigen region, noko vi faktisk gjer på mange område i dag.

 Miljøspørsmål er eksempel på saker der det lett kan bli usemje på Agderbenken. Eit anna eksempel kan vere fordelingspolitikk. Skiljelinene i politikken er ikkje berre geografiske. Nasjonal politikk er meir enn kamp mellom regionar. Mange spørsmål som ikkje er spesifikke for Agder, vil like vel vere svært viktige for vår region. Eksempel på det er likelønn og kamp mot ufrivillig deltid. Eit anna eksempel er tiltak mot fråfall i skolen. Politikarar som viser at dei klarer å kjempe fram viktige nasjonale saker, vil gjerne vere dei som også har tilstrekkeleg legitimitet til å målbere viktige regionale saker.

Alf

2 responses to “Ny på Agderbenken

  1. Lykke til med fire år på tinget:)

    Liker

  2. Takk skal du ha, Karen.
    Alf

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s