Tag Archives: havvind

Kunnskap om havet er kritisk for havvind

Nyleg kunne vi lese i Fædrelandsvennen at det blir etablert eit nasjonalt kompetansesenter for havvind i Kristiansand. Sørlandet har verdsleiande kompetanse på offshore teknologi, så senteret har gode føresetnader for å spele ei viktig rolle på dette området. Men den mest kritiske  og minst utvikla kompetansen for utbygging av havvind er innsikt i miljøkonsekvensane. Eit nasjonalt senter for havvind må derfor ha gode planar for utvikling av relevant miljøkompetanse dersom det skal bidra til ei berekraftig utvikling av offshore vindenergi.

Både Universitetet i Agder og næringslivet på Sørlandet har ein sterk posisjon innan offshoreteknologi. Regionen er kjend for godt samarbeid mellom akademia, næringslivet og offentleg sektor. Eit senter her har potensiale til å løfte fram ny teknologi og få ned kostnadene for produksjon av fornybar energi som er ein ettertrakta og knapp ressurs. Det kan bli eit verdifullt nav i  vidareutvikling av teknologi  og næringsliv på Sørlandet

Offshoreteknologi er ein viktig basis for offshore energiproduksjon. Men  teknologi er ikkje det mest kritiske for satsing på havvind. Den største utfordringa er å redusere dei negative konsekvensane for naturen og for andre næringar. Feilar vi her, kan det få alvorlege konsekvensar og føre til redusert legitimiteten for havvind og for det grøne skiftet meir generelt.

Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha god kunnskap om havet for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marine økosystem. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.

Kompetansen på offshoreteknologi har blitt utvikla over lang tid, først innan offshore oljeutvinning og så innan havvind. Men vi har ikkje hatt den same utviklinga for forsking på miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Havforskingsinstituttet er det tyngste fagmiljøet på dette området her i landet. Dei skriv på sine nettsider at vi har mangelfull kunnskap om konsekvensane for det marine økosystemet. Vi treng meir empirisk forsking på fleire områd. Både utbygging og drift av vindparkar har konsekvensar som må studerast nærare. 

Etter at vi fekk rapporten om mogelege område for havvind, har vi sett ein gryande debatt om denne satsinga. Mange er usikre på kva dei skal meine om offshore vindenergi. Dersom vi skal få ein god og kunnskapsbasert offentleg samtale om denne utviklinga, så treng vi allment anerkjent kunnskap om dei miljømessoge konsekvensane. Utan eit slikt faktagrunnlag kan vi få eit høgt konfliktnivå og gjere dårlege val. 

Solid kunnskap om miljøkonsekvensar er heilt grunnleggande for arbeidet med havvind. Vi har leiande teknologikompetanse på Sørlandet. Men står vi like sterkt når det gjeld kunnskap om konsekvensar for miljø og fiskeri? Eit nasjonalt kompetansesenter for havvind kan ikkje sjå bort i frå arbeidet med å utvikle relevant miljøkompetanse.

Leiinga i det nye senteret bør svare på korleis dei vil utvikle nødvendig kunnskap om miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Vil senteret bygge opp eigen kompetanse eller etablere nært samarbeid med andre fagmiljø også utanfor eigen region? Vil senteret legge press på sentrale styresmakter for å auke forskinga på dette området som er så kritisk for utvikling av havvind?

Alf Holmelid

Havvind er meir enn teknologi

Statsbudsjettet opnar for at Sørlandet kan bli eit kraftsenter for offshore energi. Regionen og Universitetet i Agder kan få ein leiande posisjon i den nasjonale satsinga på havvind. Sørlandethar teknologisk og industriell kompetansen som er eit godt grunnlag for å engasjere seg i produksjon av energi til havs. Men vi treng meir enn teknologi for å lukkast. Andre kompetanseområde er minst like viktige når vi skal utvikle berekraftig energiproduksjon i eit marint miljø.

Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha kunnskap om naturen for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marin økologi. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.

Økonomiske interesser vil bidra til at det blir utvikla nye og betre teknologiske løysingar. Men dei vil nok ikkje engasjere seg like sterkt for å få fram ny kunnskap som kan legge avgrensingar på utbyggingsprosjekta. Her må det offentlege ta ansvaret for å finansiere relevant forsking og sikre at den blir lagt til grunn for tildeling av konsesjonar. Manglande innsats på dette område kan få negative konsekvensar for miljøet og auke motstanden mot havvind.

Havforskingsinstituttet har presentert ein førebels oversikt over ulike problem som kan oppstå ved installasjon og drift av vindturbinar offshore. Det handlar blant anna om akustisk støy og magnetfeltet som kan føre til skade på flora og fauna. Instituttet tilrår blant anna at ein må unngå arbeid når det er gytetid. Dei peikar også på at installasjonar kan ha positive effektar for detbiologiske mangfaldet. Men hovudkonklusjonen er at vi veit for lite, og at det må satsast meir på forsking for å unngå å trå feil.

Havvind er ei stor nasjonal satsing for klima og for industriutvikling. Den er eit sentralt element i arbeidet for å sikre nok fornybar energi. Samtidig skal den bidra til å bygge ny industri med utgangspunkt i kompetansen i oljeindustrien. Sett i lys av desse ambisjonane bør det mane til ettertanke når vårt fremste marine forskingsmiljø åtvarar om at vi har mangelfull kunnskap innannokre av dei sentrale fagområda. Det er ikkje nok å bygge på vår leiande kompetanse innan offshore teknologi. Vi må også styrke og ta i bruk relevante deler av den marine forskinga.

Statsbudsjettet og andre signal frå regjeringa kan vere starten på ei spennande utvikling der Kristiansand og Agder får ei sentral rolle i den nasjonale satsinga på offshore energi. Men det følgjer også eit stort ansvar med denne rolla. Vi må ha tilstrekkeleg kunnskap til å avgrense skadeverknadene for fugleliv, fiskeri og marine økosystem. I dag har vi mangelfull kunnskap, både lokalt og nasjonalt. Vi må presse på for å auke forskingsinnsatsen på desse områda og sikre at relevante forskingsmiljø blir involvert i arbeidet med havvind. Med status som nasjonalt kompetansesenter vil UiA få eit stort ansvar her.

Alf Holmelid