Tag Archives: kunnskap

Fagarbeid er kunnskap

Stenginga av grensene har synleggjort mangelen på fagarbeidarar her i landet. Enkelte har skulda på utviklinga av kunnskapssamfunnet. Men her må vi vere varsame med språkbruken og ikkje lage ein motsetnad mellom fagarbeid og kunnskap. Fagarbeid er kunnskap. 

Vi har hatt ein periode der for få har tatt utdanning innan yrkesfag. Det er mange grunnar til det. Ein av grunnane kan vere den sosiale dumpinga, det lausarbeidarsamfunnet og det lønspresset vi har sett i ein del bransjar. Det er heller ikkje å legge skjul på at allmennfag og akademisk utdanning har hatt høgre prestisje enn yrkesfag i mange miljø.

Men vi bør ikkje snakke som om der er motsetning mellom kunnskap og yrkesfag. Yrkesfag er kunnskap likså vel som akademiske fag. Eg har nyleg skrive om historia til Elkem og peika på at det ofte er det fruktbare samarbeidet mellom yrkesfag og akademiske fag som skaper innovasjon.

Samtidig ser vi at arbeidslivet endrar seg og kunnskapsinnhaldet i ulike yrke utviklar seg. Ta for eksempel eit fag som telekommunikasjon. Her har kunnskapsinnhaldet endra seg dramatisk på nokre tiår.

Vi styrker ikkje yrkesfaga ved å snakke negativt om kunnskap, men ved å forstå og formidle at yrkesfag er kunnskap og ein grunnstein i vårt arbeidsliv.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Dagsavisen i dag

Å dele for å skape

Denne kronikken står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Vi høyrer ofte at vi må skape for å dele, og det er vel å bra. Men vi må også dele for å skape. Vi må ha ein fordelingspolitikk og eit skattesystem som kan oppretthalde og vidareutvikle velferdssamfunnet vårt. Eit moderne næringsliv er heilt avhengig eit velfungerande velferdssamfunn. Men vi kan ikkje ta dagens velferdssystem for gitt. Fordelingspolitikken og velferdssamfunnet er under press og vil framleis krevje politisk kamp.

Velkvalifiserte medarbeidarar på alle nivå i organisasjonen er eit av dei viktigaste konkurransefortrinna i norsk næringsliv. Sjølvstendige og kompetente fagfolk er viktigare for norsk næringsliv og norsk økonomi enn oljerikdommen vår.  Og det er vår skattefinansierte velferdsstat med ein god offentleg skole som utdannar denne arbeidskrafta. Vi spleisar på ein velferdsstat som utviklar og formidlar den kunnskapen vi skal leve av i framtida.

Når eg er ute og snakkar med leiarar i næringslivet, er tilgang på kvalifisert arbeidskraft noko av det første dei tar opp. Meir systematiske undersøkingar blant bedriftsleiarar og tillitsvalde viser det same. Når dei får spørsmål om kva som er dei viktigaste suksessfaktorane for den langsiktige utvikling av selskapet, så kjem tilgang på kvalifisert arbeidskraft høgt opp på lista.

Delen av den yrkesaktive befolkninga som deltar i arbeidslivet, er også viktig for den økonomiske utviklinga i eit land. Noreg har relativt høg arbeidsdeltaking samanlikna med andre land. Det kjem av at vi har satsa på full barnehagedekning og gode permisjonsordningar for foreldre. Vi har utvikla ein velferdsstat der alle kan sleppe til med sine evner og si skaparkraft. Det har kosta kamp å komme dit, men no har vi lett for å ta resultata for gitt og gløyme kva som skal til for å vedlikehalde eit velfungerande velferdssamfunn.

For ei tid sidan deltok eg i ein debatt om næringsutvikling og nyskaping. Både gründerar og politikarar var invitert til å presentere sine tankar om innovasjon og næringsutvikling. Høgrepolitikarane snakka som vanleg om skattar og avgifter. Men ein av deltakarane som hadde fått pris for nyskaping, hadde eit heilt anna fokus. Ho sa at god barnehagedekning var grunnen til at ho hadde nådd dit ho no var. Slik fekk ho oss til å tenkje på kor viktig ein moderne velferdsstat er for næringsliv og verdiskaping.

Norsk næringsliv har vist stor omstillingsevne i møte med stadig tøffare konkurranse og nye miljøkrav. Kompetent arbeidskraft er viktig også her. Men samtidig er det viktig med eit godt offentleg trygdesystem for å kunne takle større omstillingar utan for store kostnader for den enkelte og for bedriftene. Og sist men ikkje minst er den norske modellen og trepartssamarbeidet viktig. Det bidrar til å finne ein fornuftig ballanse mellom konkurranseevne og kjøpekraft som begge er viktige for næringslivet. 

Nyare forsking viser at folk har større tillit til kvarandre og til styresmaktene i land med små forskjellar. Det er eit godt grunnlag for å møte økonomiske utfordringar og gjennomføre nødvendige omstillingar. Ein velutvikla velferdsstat legg til rette for menneskeleg utvikling og skaper tryggleik og tillit. Det er viktige pilarar for omstilling og nyskaping. Krisa i Hellas viser korleis det kan gå om ein forsømer å dele gjennom eit effektivt skattesystem.

For eit par år sidan lanserte NHO omgrepet velferdsfella. Det var eit retorisk grep for å skape inntrykk av at velferdssamfunnet er ei felle og ein klamp om foten for næringslivet. Men dette er å snu saka fullstendig på hovudet. Det er nettopp velferdsstaten som har lagt grunnlaget for dagens verdiskaping, og som skal bidra til å skape det næringslivet vi skal leve av etter olja. Men språk er makt. Negative merkelappar kan ha stor effekt sjølv om dei har lite substans. Heldig vis var det mange som reagerte på NHO-utspelet, og freistnaden på å diskreditere velferdsstaten misslukkast. 

I dag er det mange som tar velferdsstaten for gitt. Vi oppdagar ikkje kor viktig den er før den er truga. Det er lett å gløyme alle kampane og alle dei tunge løfta som har brakt oss dit vi er i dag. Derfor er det lett å gå til angrep på skattar og avgifter som er vårt spleiselag for å sikre velferdsstaten. Den er ikkje berre uttrykk for solidaritet og medmenneskeleg omsorg. God fordelingspolitikk er også det beste grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping.  

Dei stadig aukande leiarlønningane og kravet om nye skattelette er eit signal om at fordelingspolitikken er under press også her i landet. Kampen for ein velutvikla velferdsstat som kan sikre framtidig verdiskaping, er ikkje over. Den tidlegare sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, sa etter finanskrisa at han hadde overvurdert grådigheit som drivkraft for økonomien. La oss vone vi unngår å komme i same situasjon.  

Næringspolitisk debatt degenererar ofte til innlært retorikk om tyngande skattar og avgifter. Du høyrer aldri ein høgrepolitikar løfte fram velferdsstaten som basis for næringsutvikling og verdiskaping. Lågare skattar kan nok vere bra for enkelte på kort sikt, men utan å dele, går det dårleg med verdiskapinga på lengre sikt.

 Alf