5. juni er verdas miljødag. I år fell den saman med starten på ein ny epoke i klimadebatten.
Det internasjonale energibyrået, IEA, har nyleg lagt fram ein rapport som viser kva som må til for å nå måla i Parisavtalen. Rapporten dokumenterer kor store omstillingar vi må igjennomog presenterer eit sett av nødvendige tiltak. Eit av forslaga er å slutte å leite etter meir olje og gass. Vi har alt funne meir enn det vi kan tillate oss å bruke. Rapporten snur på mange måtar opp ned på klimadebatten. Det som tidlegare blei sett på som uansvarleg idealisme, har no blitt ansvarleg politikk med støtte i tunge internasjonale fagmiljø.
Oljebyrået som vil avslutte oljealderen
IEA blei oppretta i 1974 i etterkant av ei stor oljekrise. Formålet var å analysere den globale energisituasjonen og sikre medlemslanda stabil tilgang på olje. Byrået har blitt oppfatta som ein solid støttespelar for oljeindustrien. Det har blant anna fått krass kritikk for å undervurdere potensialet for produksjon av solenergi. Gang på gang har det vist seg at veksten blei langt sterkare enn det som IEA la til grunn. Når nettopp denne organisasjonen tilrår stans i oljeleiting og forsterka satsing på miljøvennleg energi og energiøkonomisering, så får det ekstra stor tyngde.
Både energisparing og fornybar energi
Vi ser ofte ein diskusjon om kva vi bør satse på – energisparing eller fornybar energi. Rapporten slår fast at vi ikkje har noko val. Vi treng begge deler dersom vi skal løyse dei globale klimaproblema. Fram til 2030 må vi firedoble produksjonen av fornybar energi, og potensialet er størst innan solenergi. Samtidig må vi satse kraftig på energiøkonomisering og redusere energiforbruket i bygg med 25%. Med dette bakteppet er det eit stort paradoks at ENOVA som har ansvar for energiøkonomisering her i landet, kuttar i støtta til energisparing og solenergi.
Kjent teknologi
Det er lite kvalitativt nytt i forslaga frå IEA for det første tiåret. Det nye er dokumentasjonen på omfanget av den omstillinga som er nødvendig for å nå klimamåla. Vel vi bort noko, må vi gå hardare til verks på andre område. Tida er for knapp til å vente på at ny teknologi skal løyse problema. Fram til 2030 må vi i all hovudsak satse på kjent teknologi samtidig som vi utviklar ny teknologi for dei neste to tiåra. I tillegg må vi legge til rette for at folk gjer gode klimaval. Vi må gå, sykle og ta kollektivtransport, og vi må droppe nokre lange flyreiser.
Det uansvarlege blir ansvarleg
Den store brannfakkelen i rapporten er synet på oljeutvinning. IEA som har vore ein solid støttespelar for oljeindustrien, slår no fast at det ikkje er rom for nye olje- og gassfelt dersom vi skal redde klimaet. Dette synspunktet står i klar kontrast til dagens norske oljepolitikk som blir støtta av eit breitt fleirtal på Stortinget. IEA-rapporten støttar derimot SV og andre som lenge har stilt krav om stans i all leiting etter olje og gass. Den oljepolitikken som hittil har blitt avvist som uansvarleg, har no fått IEA-stempel som den mest ansvarlege.
Ikkje bråstans
Stans i oljeleiting betyr ikkje bråstans i oljeaktiviteten. Vi vil framleis ha oljeutvinning i fleire tiår basert på den aktiviteten som alt er initiert på norsk sokkel. Men IEA viser oss at oljealderen vil ta slutt om nokre tiår. Det er ei utvikling som vi må planlegge for både av omsyn til klimaet og til arbeidsfolk i oljebransjen. Ei styrt omstilling kan legge grunnlag for å overføre kompetanse og ressursar til fornybarsektoren og andre næringar. Men ventar vi for lenge, kan omstillinga bli hard både for den enkelte og for samfunnet.
Å vente er oppskrift på arbeidsløyse
Vi kan ikkje skyve problema føre oss og satse på at marknaden åleine vil ordne opp. Det er ei oppskrift på kriser der folk blir kasta ut i arbeidsløyse. Vi må få på plass ein langsiktig strategifor omstilling og ikkje hoppe til med krisestøtte til oljekapitalen kvar gang oljemarknaden sviktar. Noreg har både kompetanse og kapital til å skape nye arbeidsplassar og legge til rette for ei styrt omstilling som folk kan ha tillit til. Men då må vi begynne no og ta posisjonar i dei nye marknadene som veks fram innan fornybar energi og sirkulær økonomi.
Korleis skaper vi engasjement?
IEA er tydeleg på kva som må til for å redde klimaet. Men rapporten seier lite om dei politiske utfordringane vi står overfor. Klarer vi å snu opp ned på energipolitikken samtidig som vi tar vare på andre sentrale verdiar som rettferdig fordeling og biologisk mangfald?Korleis handterer vi interessekonfliktar og målkonfliktar? Kan vi gjennomføre prosessar som bygge tillit og skaper støtte og engasjement for den store omstillingane vi står overfor?
På tide å handle
Rapporten frå IEA legg nye premissar for olje- og energidebatten her i landet. Det er ikkje lenger truverdig å hevde at vi kan vente med omstilling og halde fram med oljeleiting. IEA har vist at vi må gjere store endringar i energiforbruket på kort tid dersom vi skal nå måla i Parisavtalen. Skal vi klare det, må vi skape folkeleg engasjement og krevje politisk handling. Vi har inga tid å miste.
Alf Holmelid
Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.
Bra skrevet som vanlig Alf, men dessverre basert på et usikkert og teoretisk grunnlag, fordi mest alt i denne rapporten, inkludert dette med å stoppe å lete etter mer olje og gass, er basert på at vi klarer å få til nok erstatning av stabil forsyning fra fornybar energi tidsnok før 2050, noe som pr i dag er kun en teori, også det kommer frem i rapporten.
Lykkes vi ikke med det og samtidig har malt oss opp i et hjørne med å la være å oppdage nye olje og gassfelt, om de blir brukt eller ikke, vil nok Titanic effekten dessverre slå til, «Skip som ikke kan synke, trenger ikke livbåter til alle», eller overført til realiteten, mislykkes vi med å få til fullverdig erstatning av fornybar energi og samtidig går tom for eksisterende fossil, kommer våre etterkommere til å oppleve massiv energikrise som selvsagt vil ramme de på «tredje klasse» hardest og det igjen med uante følger for verdenssamfunnet.
Det er også mye usikkerhet i denne rapporten når det gjelder sosiale og politiske forutsetninger for alt det de anbefaler skal kunne gjennomføres, la du merke til at de regner f.eks med en stor andel kjernekraft?, tar man en liten titt rundt om i verden, forstår man fort at mye skal forandre seg de neste 30 årene i så fall, så jeg tror vi bør ha livbåtene ( nye olje og gassfelt) klare, klarer vi der imot å erstatte nok med stabil fornybar energi, ja da lar vi være å ta de nyoppdagede feltene i bruk, så enkelt er det.
Men pytt, «Arken» hadde vist ikke livbåter den, så bare trua er stor nok…
LikerLiker
Eg er samd med deg i ein ting. Rapporten er svak når det gjeld politiske og sosiale prosessar som må til for å få støtte for nødvendige tiltak. Den er nok laga av ingeniørar og økonomar, ikkje samfdunnsvitarar og politikarar.
Når det gjeld fare dor energikrise, så meiner eg at faren for klimakrise er større. Når det gjeld atomkraft så er den med i eit visst omfang i dei fleste scenario frå IPCC. Men det er nok meir aktuelt i andre land enn Noreg som har ein god basisproduksjon basert på vasskraft.
LikerLiker
Kanskje det er kjernen i forvirringen rundt saken, statsvitere og politikere har sin egen agenda og syn på saken, ser til og med diverse urelaterte potensialer i det hele, mens vitenskapsfolk, ingeniører og økonomer tilnærmer seg dette på sitt vanlige og kjente vis, med massevis av tvil og smutthull på det meste, så prøver vi «dødelige» å finne en mening i det hele.
Men takk for praten Alf og fortsatt god helg 🙂
LikerLiker