Det er mange som skiftar standpunkt for å posisjonere seg i det politiske spelet om biodiesel.
Les kva Høybråten meinte for eit år sidan.
Elles kan du finne meir godt stoff på bloggen til Inga Marte.
Alf
Det er mange som skiftar standpunkt for å posisjonere seg i det politiske spelet om biodiesel.
Les kva Høybråten meinte for eit år sidan.
Elles kan du finne meir godt stoff på bloggen til Inga Marte.
Alf
Posta under Uncategorized
Då regjeringa la fram statsbudsjettet, gjekk Høgre til frontalangrep på budsjettrammene. Budsjettet var for ekspansivt, og vi brukte for mykje oljepengar, blei det hevda. Det var ikkje måte på kor skadeleg dette var for næringslivet. Høgre skulle derimot «vaksinere Norge mot oljeavhengighet og Hollandsk Syke»
Men då Høgre sitt alternative statsbudsjett kom på bordet, brukte partiet beskjedne 2,3 milliardar mindre enn regjeringa. Korrigerer vi for ein del kreativ bokføring er det i beste fall heilt marginale instarmmingar i Høgre sitt budsjett. Eksempel på slik kreativ bokføring er å bruke pengar som vil sette til side jordbruksoppgjeret.
Det konservative tidskriftet Minerva brukte lite parlamentariske uttrykk om forskjellen mellom liv og lære i Høgre. Dagens Næringsliv brukar i dag det meir parlamentariske uttrykket pinleg om Høgre og resten av opposisjonen.
Dei andre opposisjonspartia har hamna i same grøfta som Høgre. Dei snakkar om innstramming, men hamnar på same nivå som regjeringa når vi går nærare inn i talla.
Kan vi no slå fast at opposisjonen ikkje har ein alternativ politikk for bruk av oljepengar, og at alt snakk om å «vaksinere Norge mot oljeavhengighet» er tom og pinleg retorikk?
Høgre sin retorikk om å vaksinere mot oljeavhengig økonomi blir desto underlegare når partiet utan atterhald har lova det norske folk og oljenæringa at dei skal opne for oljeboring i Lofoten og Vesterålen og på den måten forseinke omstillinga av norsk indistri og norsk økonomi.
Alf
Posta under Uncategorized
Denne kronikken stod på trykk i Dagens Næringsliv fredag 20. november.
Medan politikarane snakkar om eit klimavennleg næringsliv, er framtidsretta verksemder i gang med å etablere seg i den veksande marknaden for miljøteknologi. Men det er god grunn til å spørje om staten sine eigne industrilokomotiv, Statoil og Statkraft, tar sin del av ansvaret for den nødvendige omstillinga av norsk næringsliv.
Det er etter kvart brei semje om at marknaden for miljøvennleg energi og miljøteknologi vil vekse kraftig. Sist ut i rekka av prognoser er World Energy Outlook 2009. Rapporten konkluderer med at vi kan avgrense den globale temperaturauken til to prosent. Men det vil kreve svære omstillingar med store investeringar i energiøkonomisering og fornybar energi. Investeringsbehovet er så stort at det vil revolusjonere industri og næringsliv. Klimapolitikken set nye rammer for næringspolitikken, og næringspolitikken blir ein dominerande del av klimapolitikken.
Forholda ligg godt til rette for å satse på miljøteknologi i Noreg. Miljøteknologi er for ein stor del umoden teknologi som krev høgt kompetansenivå og stor evne til utvikling og innovasjon, og som derfor kan tåle eit høgt kostnadsnivå. Norsk industri utmerkar seg med brei kompetanse i alle ledd i organisasjonen frå operatør til forskar. Denne industritradisjonen er eit viktig aktivum når vi skal utvikle og ta i bruk ny teknologi og nye prosessar.
Vi har mange eksempel på bedrifter som har hatt problem i modne marknader, og som med hell har satsa på miljøteknologi. Elkem Silicon i Kristiansand hadde små utsikter for å klare seg i den tradisjonelle marknad og å satse på silisium til solceller. Jernstøperiet i Kristiansand satsa på vindmøller og blei ein del av vindmølleprodusenten Vestas. Ordretørka i verfts- og leverandørindustrien har sett miljøteknologi på kartet også der, blant anna i form av spesialfartøy for havvindmøller.
Ei spørjeundersøking blant miljøteknologibedrifter viser at dei ser på eksportmarknaden som heilt avgjerande. Derfor må vi legge til rette for at norsk industri og norsk næringsliv kan sikre seg fotfeste i den internasjonale grøne marknaden. Silisium til solceller og spesialfartøy til havvindmøller er eksempel på dette. Internasjonalt konkurransedyktige bedrifter i den grøne marknaden er også god klimapolitikk. Eksport av miljøteknologi er like viktig som eksport av grøn energi.
Miljøteknologimarknaden er i stor grad styrt av politiske rammevilkår og inneber eit industrielt paradigmeskifte som krev store utviklings- og implementeringskostnader. Derfor er det mange som meiner at marknadskreftene og tradisjonelle offentlege ordningar ikkje er tilstrekkeleg. Men vi kan kanskje lære av oppbygginga av norsk offshoreindustri som innebar eit liknande paradigmeskifte .
Norsk offshoreindustri er verdsleiande, og på enkelte område er eksportdelen over 90%. Mange gir Statoil ein del av æra for dette. I den første fasen i Nordsjøen var selskapet ein krevjande kunde med evne til å utvikle sine leverandørar. Samtidig har staten følgt opp med rammevilkår som gjer det mogeleg for leverandørindustrien å klare seg i ein turbulent eksportmarknad.
Den norske stat har to tunge industrilokomotiv i energisektoren, Statoil og Statkraft. Teknologirådet har peika på at vi bør bruke desse selskapa i omstilling av norsk industri. Det er på tide at selskapa legg fram ein offensiv strategi for satsing på fornybar energi og utvikling av miljøteknologi. Samtidig bør staten legge til rette for eksport av miljøteknologi på same måten som den har lagt til rette for eksport av offshoreteknologi, blant anna med låne- og garantiordningar.
Statoil og Statkraft som haustar av norske naturresursar, må ta ansvar for å møte dei påtrengande utfordringane som vi står overfor når det gjeld grøn omstilling i næringslivet. I staden brukar Statoil all sin energi på å få gjennomslag for oljeboring i Lofoten og Vesterålen. I tillegg til å vere eit angrep på viktige naturverdiar er det lite framtidsretta næringspolitikk i ei tid då det er behov for å setje norsk næringsliv i stand til å ta sin del av den veksande marknaden for miljøteknologi. Det skal bli spennande å høyre kva leiinga i Statoil har å informere om på møte med SV i dag.
Alf
Posta under Uncategorized
Det internasjonale energibyrået, IEA, har nettopp lagt fram ein omfattande rapport om dei store klima- og energiutfordringane vi står overfor. For å avgrense temperaturauken til to grader meiner IEA at det er behov for svære investeringar i energieffektivisering, fornybar energi og miljøteknologi. Dette investeringsbehovet skaper nye omstillingsbehov og nye muligheiter for norsk næringsliv. Klimapolitikken set nye rammer for næringspolitikken, og næringspolitikken blir ein dominerande del av klimapolitikken.
Forholda ligg godt til rette for å satse på miljøteknologi i Noreg og på Sørlandet. Miljøteknologi er for ein stor del umoden teknologi som krev høgt kompetansenivå og stor evne til utvikling og innovasjon, og som derfor kan tåle eit høgt kostnadsnivå. Norsk industri utmerkar seg med brei kompetanse i alle ledd i organisasjonen frå operatør til forskar. Denne industritradisjonen er eit viktig aktivum når vi skal utvikle og ta i bruk ny teknologi og nye prosessar.
Det har lenge vore kjent at statsbudsjettet for 2010 ville innehalde 100 millionar kroner til utvikling og implementering av miljøteknologi. I valkampen la eg vekt at næringslivet må satse på den nye miljøteknologimarknaden før det er for seint, og eg argumenterte for ei sterkare satsing på dette området i åra framover. No er det klart at regjeringspartia på Stortinget vil gå inn for å auke løyvinga til miljøteknologi med 40 nye millionar kroner til 140 millionar kroner.
Eg ser på denne budsjettendringa som eit signal om at engasjement for miljøteknologi er i ferd med å få brei tilslutning. For Sørlandet som er den leiande industriregionen i Noreg, er det viktig å vere på banen i denne utviklinga, slik mange bedrifter alt er. Det er viktig med ein god dialog mellom næringsliv, fagrørsle og styresmakter i satsinga på miljøteknologi, noko eg vil vere opptatt av også i framtida.
Alf
Posta under Uncategorized
I dag hadde eg gleda av å halde foredrag om «Klima som utfordring og moglegheit – globalt, nasjonalt og lokalt» på Byggdagen 09 i Kristiansand
Eg tok blant anna utgangspunkt i data frå det internasjonale energibyrået IEA. Som førebuing til klimamøtet i København har IEA presentert ein rapport om aktuelle tiltak og investeringsbehov. Dei omstillingane som må til, er store, men innan rekkevidde om vi satsar radikalt.
Skal vi klare å snu utviklinga raskt nok, må klimapolitikken bli meir enn miljøpolitikk. Den må også bli næringspolitikk. Først når vi også får fokus på det store forretningsmessige og sysselsettingsmessige potensial i miljøteknologien, klarer vi å få tilstrekkeleg engasjement og breidde i omstillingsarbeidet.
Elles viser data frå IEA at det er eit stort og kostnadseffektivt potensial for klimatiltak innan energieffektivisering, ikkje minst i bustader og næringsbygg, noko forsamlinga skulle arbeide med i resten av møtet.
Alf
Posta under Uncategorized
Det var lite svar å få då eg tok opp spørsmålet om svensk overvaking av norsk datatrafikk med den svenske ministren i Nordisk Råd.
Posta under Uncategorized
Innlegg i trontaledebatten:
Enkelte oppfatta klimapolitikken som ein trussel mot industri og næringsliv. Men dersom vi fører ein offensiv næringspolitikk er klimasatsinga ei muligheit for næringslivet – ikkje ein trussel. Det er innlysande at satsing på passivhus, vindmøller og elbil vil trenge ein livskraftig industri som har evne til å tilpasse seg nye behov.
Mange utredningar, blant anna frå Teknologirådet, peikar på at miljøteknologi er ein veksande marknad som det er viktig å satse på før det er for seint.
Norsk industri har høg kompetanse på ale nivå i organisasjonen frå operatør til forskar. Samtidig har vi eit høgt kostnadsnivå som gjer det vanskeleg å klare seg på mange tradisjonelle bulk-marknader. Nettopp derfor er det viktig å satse på marknaden for miljøteknologi som er kompetansekrevande og derfor tåler eit høgt kostnadsnivå.
I Vest-Agder har vi mange eksempel på at offensiv satsing på miljøteknologi har redda nedleggingstrua arbeidsplassar. Dei fleste kjenner vel til Elkem Solar. Men vi har også det gamle Jernstøperiet som har satsa på vindmøller og blitt ein del av verdens største vindmøllekonsern. Eit anna eksempel er Metallkraft som no bygger fabrikkar også i utlandet.
Dette viser at offensiv satsing på miljøteknologi kan redde arbeidsplassar som elles hadde gått tapt i dei tradisjonell marknadene. Men det er krevande å utvikle slik teknologi. Som eksempel kan eg nemne at forskinga som resulterte i Elkem Solar, starta for 30 år sidan.
Skal vi få til eit miljøteknologisk paradigmeskifte i norsk næringsliv og trygge arbeidsplassane i eit klimavennleg samfunn, er det behov for eit omfattande samarbeid mellom det offentlige og næringslivet – og med partane i arbeidslivet.
I Soria Moria 2 lovar regjeringa å bidra aktivt til denne nødvendige omstillinga i næringslivet. Regjeringsplattforma peikar spesielt på at det er behov for å gjennomgå verkemiddelapparatet. Det blir ei felles utfordring for regjeringa og Stortinget å vidareutvikle og konkretisere satsinga på miljøteknologi.
Denne satsinga må bli vellukka om vi skal skape entusiasme for og vinne klimakampen.
Kommentatorkorpset i aviser og TV elskar å plassere SV i ei taparrolle etter valet. Sjølv på dei områda der SV har flytta AP sin posisjon kraftig, blir det ofte utlagt som AP-politikk utan SV-merke. Det gjeld blant anna skole, likestilling, miljø og internasjonal politikk.
Trontaledebatten gav lite nytt. Den var langt på veg ein dårleg reprise på valkampen. Dei borgarlege kritiserte SV frå to kantar. På den eine sida kritiserte dei SV for ytterleggåande standpunkt. På den andre sida prøvde dei å vise at SV ikkje har fått gjennomslag for noko. Venstre kritiserer for eksempel SV for å ha gitt etter på miljø, men dei vil heller samarbeide med AP enn SV. Dei borgarlege er tydeleg vis meir opptatt av å angripe SV frå alle kantar enn av å fremme eigen politikk. Det er tydeleg at det overordna målet no er å prøve å bidra til regjeringsslitasje.
I budsjettdebatten har opposisjonen klaga over for lite visjonær satsing på ei rekke område. På den andre sida har dei klaga over at regjeringa brukar for mykje pengar og pressar kronekursen og renta oppover. Det er for lite av alt, men summen er for stor. Kanskje vi skulle ha satsa endå meir på matematikk i skolen?
Posta under Uncategorized
Dette innlegget i ein litt forkorta versjon stod på trykk i Fædrelandsvennen laurdag 10. oktober.
Media har dei siste dagane omtalt ein rapport om korleis andre oppfattar Sørlandet og Kristiansandsregionen. Verdien av slike rapportar kan diskuterast. Dei kan lett føre til at vi blir meir opptatt av å bygge omdømme enn av å skape eit godt samfunn. Men slike undersøkingar kan like vel vere eit nyttig utgangspunkt for ettertanke. Har vi det omdømet vi fortener, og gir det et riktig bilete av regionen?
Vår region har eit internasjonalt orientert næringsliv som har vist stor evne til omstilling, og mange har satsa på miljøteknologi. Like vel kjem vi dårleg ut når det gjeld internasjonal orientering, nyskapande næringsliv og miljøteknologi. Det finst naturlege årsaker til det. Nettopp fordi industrien på Sørlandet er internasjonalt orientert, har den vore lite i fokus i regionale og nasjonale media.
Men det er ein situasjon vi ikkje kan leve med i framtida. Dei store utfordringane som næringslivet no står overfor, krev sterkare samhandling mellom bedrifter, akademia og det offentlege. Sørlandet må derfor ta ein posisjon i det nasjonale mediebiletet om vi skal oppretthalde dagens forsprang som tydelegvis er lite kjent.
I forhold til realitetane fortener vi ikkje det dårlege omdømme vi tydeleg vis har når det gjeld innovasjon og miljøteknologi. Men det er vår eiga skuld, for vi snakkar for lite om den posisjonen vi har. Vi har nettopp tilbakelagt ein valkamp der det var fullstendig umogeleg å få fokus på slike saker.
Det andre området der vi peikar oss ut med eit svakt omdømme, er openheit og toleranse. Dersom dette reflekterer realitetane i regionen, gir det grunn til alvorleg ettertanke. Kanskje er ikkje resultatet så overraskande når vi ser på kva som har prega den regionale debatten den siste tida.
Eg har tidlegare peika på at valkampen i år var sterkt dominert av ein ekskluderande og snever verdidebatt med kamp mot homofile sin rett til å gifte seg som eit berande element. Når slike debattar dominerer regionale media, er det med på å farge biletet av Sørlandet som ein lite raus region. At eit parti som mildt sagt er sterkt kritisk til asylsøkjarar og framande religionar står så sterkt på Sørlandet, skaper heller ikkje eit bilete av toleranse og openheit.
Dersom det er tilfelle at vi er i ferd med å utvikle ein lite raus region, så er det først og fremst eit problem for livskvaliteten for oss som bur her. Men det er også eit dårleg grunnlag for eit framtidsretta, nyskapande og internasjonalt orientert arbeidsliv. Vi må kjempe for eit raust samfunn som gir rom for menneskeleg vekst og økonomisk utvikling.
Alf
Posta under Uncategorized
I valkampen la eg vekt på tre saker:
Regjeringsplattforma som blei lagt fram i dag, gir eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med desse sakene.
Med denne regjeringsplattforma er grunnlaget lagt for å arbeide offensivt med mine valkampsaker. Eg tar gjerne i mot innspel til det vidare arbeidet.